Stikkord: kjøt

Biffspyd med satay-saus

Grilla biffspyd med satay-saus er smakfull og lettvint mat som passar godt no som vi er lei av mektig julemat. Satay-sausen er laga på knasande peanøttsmør og kokosmjølk, og er perfekt for deg som er glad i nøtter og asiatiske smakar. Retten har sitt opphav i Indonesia og er populær […]

Lammegryte med tomat

[dropcap]L[/dropcap]ammekjøt er noko eg er utruleg glad i og kan brukast til det meste. Ein pakke med fårikål-kjøt i frysaren vart denne gongen brukt til eit anna føremål enn fårikål, og blei til denne smakfulle gryta med tomat og grønsaker.

Viltburger

[dropcap]E[/dropcap]in herleg viltburger med hjortekjøt, soppstuing, tyttebærsyltetøy og brunost er akkurat så nordisk og smakfullt som det høyrest ut til å vere.

Pizza med entrecôte & blåmuggost

[dropcap]P[/dropcap]izza med strimlar av entrecôte har eg stort sett ete ute på restaurant og liknande, men no var det på tide å prøve seg på ein eigen variant. Denne har fått selskap av god tomatsaus og blåmuggost. Så enkelt og såå godt.

Fenalår & konservering av kjøt

[dropcap]D[/dropcap]et nærmar seg sakte men sikkert desember og jul, og dermed tid for spekemat i ulike utgåver. Kvart einaste år er fenalår ein del av menyen både i førjulstida og jula hjå familien min. Og no var tida komen for å salte og gjere klart fenalåret også i år dersom […]

Andelår med plommesaus

[dropcap]H[/dropcap]ar du framleis plommer liggjande eller har dei tilgjengeleg i frysaren er denne retten eit fint alternativ å bruke dei på. Steikte andelår med sprøtt skinn og ein søt og krydra plommesaus er smakfull mat!

Pestosnurrar med fenalår

[dropcap]G[/dropcap]jærbakst med godt fyll er noko av det beste eg veit og spesielt når det inkluderer spekemat. Desse snurrane med grøn pesto og tynne skiver fenalår er nydeleg gode og perfekt tur-eller nistemat.

Kylling-og ølgryte

[dropcap]E[/dropcap]it fint alternativ til den ordinære biff-og raudvinsgryta er å prøve seg på kylling kokt i ølgryte. Denne retten har eit lite hint av ølsmak og gir kjøt som er saftig og ein kraftsjy som smakar aromatisk og fyldig.