Stikkord: krydder

Plommesaft

Plommesesongen i år gav store mengder med fine plommer og med kilovis av desse måtte eg finne noko godt å lage. Resultatet blei smakfull plommesaft med gode krydder.

Kylling Tikka Masala

[dropcap]K[/dropcap]ylling eller “chicken tikka masala” som det ofte blir kalla er ein rett med marinerte og grilla kyllingbitar i krema og krydra saus med tomat. Denne indiske retten er ein favoritt for mange og høyrer med på ein indisk meny.

Hot cross buns

[dropcap]H[/dropcap]ot cross buns er søte og krydra kveitebollar som ein et i påska spesielt i Storbritannia. Bollane er originalt krydra med kanel, kardemomme, muskat, ingefær og allehånde og inneheld oftast rosiner eller tørka frukt. Det finst derimot mange versjonar av bollen med ulike krydder og andre ingrediensar. Min versjon inneheld […]

Asiatisk biffgryte

[dropcap]A[/dropcap]siatisk mat med masse ulike krydder er noko av det aller beste eg kan få til middag. Fyldige sausar med masse kryddersmak som ein kan “tørke” opp med godt nanbrød er rett og slett ein stor favoritt. Biffgryta har det mest møre kjøt du kan tenkje deg og ein aromatisk […]

Mangolassi

[dropcap]L[/dropcap]assi er ein indisk yoghurt-basert drikk som blir servert som forfriskning i varmen. Lassi er også vanleg å servere saman med eit måltid og kan lagast både i søt og salt versjon. Mangolassi er som ein smoothie og smakar søtt og friskt.

Flatbrød med rosmarin & havsalt

[dropcap]J[/dropcap]anuar er godt i gong og jula er eit tilbakelagt kapittel. Dei fleste har nok blitt metta på mektig julemat og søtsaker og er klare for lettare måltid den komande tida. Framleis har mange spekematrestar i hus og det perfekte tilbehør til det er flatbrød. Dette flatbrødet har mykje smak […]

Pepperkakebiscotti

[dropcap]N[/dropcap]o når det er juletid får eg liksom ikkje heilt nok av alle julekrydder og spesielt då smaken av peparkaker. Biscotti er sprø italienske kjeks som smakar godt å dyppe i kaffèen eller til å nytast slik dei er. Denne  utgåva har fått smaken av gode peparkakekrydder og inneheld også […]