Stikkord: middag

Terte med aubergine, squash & gulrot

[dropcap]D[/dropcap]enne grønsaksterta er full av smak og gode råvarer og er fin til både lunsj og middag. Som regel inneheld middagsmåltida her enten kjøt eller fisk i ei eller anna form, men det å bytte ut dette med vegetarrettar innimellom er berre sunt. Spesielt når det kan smake så godt […]

Spansk torskepanne

[dropcap]T[/dropcap]orsk i panne med tomat, chorizo og safran gir assosiasjonar til det spanske kjøkken og er ein herleg rett som kan serverast til både kvardags og fest. Saman med ferskt focacciabrød blir dette ein fin rett som kan minne litt om ein ekstra aromatisk bacalao.

Pizzabollar

[dropcap]E[/dropcap]in god pizzabolle med godt fyll og sprø botn er fin kveldskos, helgemat eller turmat. Pizzabollane har eit smakfullt fyll med kjøtdeig og god tomatsaus, nydeleg spekepølse, masse sprøstekt ost og luftig botn med sprø skorpe på undersida.

Quiche med røykalaks & asparges

[dropcap]V[/dropcap]årlig og smakfull quiche med skiver av god røykalaks, ferske aspargestoppar, vårløk og rosèpeppar som smakar nydeleg saman med grøn salat og syrleg vinaigrette. Dette er mat som passar ein solrik vårdag med sine friske fargar.

Kylling med granatepleris & raita

[dropcap]D[/dropcap]enne middagsretten smakar både forfriskande og godt av krydder med indisk preg. Kyllingen er krydra med mellom anna gurkemeie, spisskummen og honning og er servert saman med jasminris med friske granateplekjerner og ein herleg indisk yoghurtdressing (raita) med mynte.

Gresk moussaka

[dropcap]D[/dropcap]en tradisjonelle greske moussakaen er som lasagane er for italienarane. Eg har ete mykje moussaka i mitt liv, men ingen slår dei ekte greske du får i Hellas. I barndommen blei moussaka forbunde med ein slags lasagnelignande grateng der pastaen var bytta ut med poteter. Her får du den autentiske […]

Fiskegrateng

[dropcap]F[/dropcap]iskegrateng er noko dei aller fleste av oss er vande med å ha fått servert gjennom barndommen og framleis er den like aktuell. Denne varianten har både spinat, erter og sennep i seg og er ein litt fornya versjon av den klassiske gratengen eg har spist i alle år.