Stikkord: ost

Quiche med spekeskinke & tomat

[dropcap]E[/dropcap]i terte med godt fyll er enkel mat å lage og fungerer som både lunsj-måltid, middag eller del av eit koldtbord. Denne har fått klassiske smakar av pesto, spekeskinke, tomat og løk og er perfekt sommarmat saman med ein grøn salat.

Brødsnurrar med parmesan & soltørka tomat

[dropcap]E[/dropcap]in brødsnurr er perfekt tilbehør til supper eller spekemat eller berre som snacks dersom du har lyst på noko godt. Desse med parmesan og soltørka tomat smakar nydeleg saman med for eks. tomatsuppe eller som tilbehør til tapas-bord med spekemat og salat.

Sjokoladekake med gulrot

[dropcap]S[/dropcap]aftig og smakfull kake med gulrot, ostekrem og sjokolade-ganache som renn nedover sidene er perfekt for ein kakemons. Kaka er ei slags krysning mellom gulrotkake og sjokoladekake, så her får du alt i eitt.

Pizza med entrecôte & blåmuggost

[dropcap]P[/dropcap]izza med strimlar av entrecôte har eg stort sett ete ute på restaurant og liknande, men no var det på tide å prøve seg på ein eigen variant. Denne har fått selskap av god tomatsaus og blåmuggost. Så enkelt og såå godt.

Sitron-risotto med purre & spekeskinke

[dropcap]R[/dropcap]isotto er ein svært enkel og svært allsidig rett å lage. Her kan ein variere smak og tilbehør i det uendelege etter både eigen smak og kva ein har i kjøleskapet. Denne smakar lett av sitron og har fått sprøsteikt spekeskinke som tilbehør.