Stikkord: ost

Sandwich med persimon, brie & bacon

[dropcap]N[/dropcap]år ein ikkje verken har tid eller lyst til å lage eit stort måltid og må ha noko lite og enkelt å ete er ein varm sandwich perfekt. Denne består av pannestekte skiver med søt persimonfrukt, sprøstekte baconskiver og smelta brie. Enkelt og smakfullt lite måltid som tek kort tid […]

Purre- & blåmuggosteterte

[dropcap]D[/dropcap]å dei norske purreløkane låg der store og fine og freista på butikken måtte eg berre kjøpe ein bunt og finne på noko godt å lage av dei. Purre- og blåmuggosteterta blei svært saftig og aromatisk og er ein fin måte å bruke den gode råvara på.

Kantarell- & baconlasagne

[dropcap]H[/dropcap]austen er på plass med all den gode soppen og då er det klart ein må lage gode måltid ut av det. Lasagne med timian- og smørsteikte kantarellar og sprøsteikt bacon i ein krema fløtesaus med spinat er eit skikkeleg luksusmåltid som det osar kos av.

Sandwich med blåmuggost, pære & spekeskinke

[dropcap]E[/dropcap]in smakfull sandwich med masse godt pålegg er skikkeleg snadder til helgelunsjen eller når du berre har lyst på litt ekstra god kveldskos. Smaken av blåmuggost saman med søte pærer og salt spekeskinke utgjer eit nydeleg sandwichfyll og bør absolutt prøvast ut!

Tebriks

[dropcap]T[/dropcap]ebriks er ypperleg å servere til frukost eller kvelds når ein har lyst på noko godt og vil ha noko anna enn dei vanlege rundstykka. Desse er fylte med masse godt smør, strandaskinke og valmuefrø eller ost på toppen.

Jordbær-& mascarponedessert

[dropcap]D[/dropcap]enne jordbærdesserten lagar du på 1-2-3 og har raskt noko friskt og søtt å servere ein fin sommardag! Desserten har limemarinerte jordbær med mascarponekrem og søte og knasande amarettikjeks med god smak av mandel.