Sennepsglasert lammelår, hasselbackpoteter & rotgrønsaker

a4s4j5uJSUG97zoWXNnS0Q_thumb_7467

Påska nærmar seg og då står det tradisjonen tru eit lammelår på menyen. Det er ofte høgdepunktet på matfatet for dei fleste i påskeveka, og med det rette tilbehøret som for eks. rotgrønsaker, poteter og ein god fløytesaus er du garantert suksess. Dette låret har fått eit lag med sennep-glasering med rosmarin og ein raus porsjon kvitløk og er servert med sprøsteikte hasselbackpoteter, honning-og smørsteikte rotgrønsaker og ein syndig god sjy-og fløytesaus.

Fortsett å les «Sennepsglasert lammelår, hasselbackpoteter & rotgrønsaker»

Påskemat

LrBBAOD1Sse9akBgaxVExA_thumb_6d01

Påske er tid for familiehygge, hyttekos og gode måltid med dei ein har rundt seg. For dei aller fleste inneheld påska både lammekjøt, suksessterte, egge-rettar, god gjærbakst og masse søtsaker. Her er det samla saman eit lite knippe med gode oppskrifter på rettar som passar perfekt til påskekosen.

Fortsett å les «Påskemat»

Hot cross buns

aR3KgRvgSlOCKHCVBIq74w_thumb_6cf5

Hot cross buns er søte og krydra kveitebollar som ein et i påska spesielt i Storbritannia. Bollane er originalt krydra med kanel, kardemomme, muskat, ingefær og allehånde og inneheld oftast rosiner eller tørka frukt. Det finst derimot mange versjonar av bollen med ulike krydder og andre ingrediensar. Min versjon inneheld sjokoladebitar, appelsinskal og så klart dei forskjellige kryddertypane.

Fortsett å les «Hot cross buns»