[dropcap]R[/dropcap]isotto er ein svært enkel og svært allsidig rett å lage. Her kan ein variere smak og tilbehør i det uendelege etter både eigen smak og kva ein har i kjøleskapet. Denne smakar lett av sitron og har fått sprøsteikt spekeskinke som tilbehør.
Stikkord: ris
Risotto med tomat & chorizo
[dropcap]K[/dropcap]rema og fyldig risotto med smak av tomat og chorizopølse er herleg vintermat som varmar godt. Risotto er superlett å lage og er det ultimate kosemåltidet både til helg og kvardag.
Mango-& kyllingcurry
[dropcap]A[/dropcap]siatiske curryrettar med mykje god smak er noko av det beste eg veit som både kvardags-og helgemiddag. Denne currygryta med smak av søt mango, kylling, aromatiske krydder og ein lett ettersmak av chili er nydeleg god og svært enkel å lage.
Spekeskinkesurra kyllingbryst fylt med brie, eple & basilikum
[dropcap]D[/dropcap]ersom du er glad i friske kyllingrettar og i tillegg er glad i gode ostar er dette ein sjølvskreven rett for deg. Kyllingbrystet er fylt med god brie, epleskiver, fersk basilikum og deretter surra inn i spekeskinke og får ein saftig og smakfull aroma. Ved sidan av har du ein […]
Kylling med granatepleris & raita
[dropcap]D[/dropcap]enne middagsretten smakar både forfriskande og godt av krydder med indisk preg. Kyllingen er krydra med mellom anna gurkemeie, spisskummen og honning og er servert saman med jasminris med friske granateplekjerner og ein herleg indisk yoghurtdressing (raita) med mynte.
Sopprisotto med kantarell & ruccula
[dropcap]R[/dropcap]isotto er mettande og kan varierast i det uendelege med smakar og tilbehør. Her i soppversjon med kantarellar, purre og ruccula. Sopprisotto er nydeleg haustmat til å varme seg på mørke kveldar og er skikkeleg kosemat. Med god kraft og fersk sopp blir dette ein smakfull rett å glede seg til […]