Julegodt

pixlr

Med berre få dagar att til den store dagen står nok gjeremåla på rekke og rad for dei aller fleste no i julestria. Då er det fint med oppskrifter på noko søtt og godt som ikkje tek timesvis å lage eller er alt for mykje arbeid å lage. Her har eg samla nokon få gode søtsaker som gjerne høyrer med til julekosen her i heimen.

Fortsett å les «Julegodt»

Kvepsebol

elwsmvnytdy5nierst5aa_thumb_64fb

Kakebokser som skal fyllast til jul betyr ein heil del eksperimentering og smaking på diverse søtsaker. Med nokre eggekviter til overs og ein forkjærleik for lakris, sjokolade og nøtter så blei desse marengskjeksa til. Kvepsebol som dei så fint heiter er små kjeks av marengs som er fylte med bitar av sjokolade og nøtter. Desse har eg smakssatt med lakris og dei inneheld bitar av mørk sjokolade og hasselnøtter.

Fortsett å les «Kvepsebol»

Seige emmerkjeks med sjokolade

1zvcskiwqle4g82vfnixg_thumb_6397

Emmer er eit urgammalt kornslag og er også ein av forfedrene til spelt. Emmer er rikt på fiber og gir ein relativt mørk farge og meir intens smak enn vanleg kveite. Desse kjeksa får ein litt grov utsjånad utan at det «smakar sunt»og er etter mi meining heilt nydelege. Kjeksa er sprø på utsida og har ein mjuk og litt seig konsistens inni. Saman med mørk sjokolade gir dette smakfulle kjeks som ikkje er så alt for søte.

Fortsett å les «Seige emmerkjeks med sjokolade»

Mørk brownie med salta karamelliserte nøtter

DSC00660

Ein skikkeleg brownie skal vere intens på smak, kladdete i konsistens og innehalde sjokolade med høgt kakaoinnhald for å kome øverst på lista over brownies med meg. Denne utgåva fyller alle desse krava og har i tillegg knasande bitar av salta og karamelliserte nøtter i seg som gir ein fin kontrast.

Fortsett å les «Mørk brownie med salta karamelliserte nøtter»

Sjokoladepavlova med sjokolade- & lakrissaus & moreller

DSC00203

Pavlova er den perfekte dessertkaka å servere no om sommaren når bærsesongen er i full gong. Pavlova smakar nydeleg og friskt med alle typar bær og frukt og kan endrast etter kva som er i sesong eller kva du likar best. Denne varianten er derimot ein litt meir mektig utgave for deg som er glad i sjokolade.

Fortsett å les «Sjokoladepavlova med sjokolade- & lakrissaus & moreller»