Stikkord: sjokolade

Sjokolade-& karamellkake

[dropcap]S[/dropcap]å var det helg igjen og bakelysta snik seg innpå atter ein gong. Denne saftige sjokoladekaka med salt karamellfrosting er ei skikkeleg kaloribombe som passar fint til både liten og stor.

Mørk brownie med salta karamelliserte nøtter

[dropcap]E[/dropcap]in skikkeleg brownie skal vere intens på smak, kladdete i konsistens og innehalde sjokolade med høgt kakaoinnhald for å kome øverst på lista over brownies med meg. Denne utgåva fyller alle desse krava og har i tillegg knasande bitar av salta og karamelliserte nøtter i seg som gir ein fin […]

Sjokolade-& bringebærkake

[dropcap]D[/dropcap]enne kaka har eg laga i mange utgåver og med forskjellige typar bær, men no var det rett og slett ei evigheit sidan sist. Oppskrifta har blitt finpussa og endra litt på og eg kan seie meg fornøgd med resultatet. Kaka har ein saftig sjokoladebotn med sjokolade-og ostekrem med ferske […]

Espressoiskake med nøttebotn

[dropcap]F[/dropcap]or deg som er glad i både iskrem og kake er ei iskake perfekt å servere som dessert på eit kvart festkakebord. Denne iskaka har ein god nøttebotn med tyggemotstand og ein iskrem med god smak av sterk kaffe. Det heile er toppa med eit lag med vaniljeiskrem og mokkabønner.

Sjokoladefondant med lakris & jordbær

[dropcap]S[/dropcap]jokoladefondant er både ein av dei enklaste og mest vanskelige dessertane du kan lage. Sjølve oppskrifta er enkel og rask å lage, men det å få ein perfekt stekt sjokoladefondant kan vere utfordrande. Denne sjokoladefondanten har god smak av sjokolade og ein lakrissmak som gir ein god ettersmak saman med […]

Kvit sjokolade-panna cotta & kiwipurè

[dropcap]D[/dropcap]enne panna cottaen har søt smak av kvit sjokolade og er servert saman med ein utruleg frisk og syrleg kiwipurè som balanserer det heile. Desserten er både søt, fløyelsmjuk og frisk på smak og farge, og er sjølve biletet på vårfølelse i etande utgåve.

Påskeegg med marsipan & nougatcrunch

[dropcap]E[/dropcap]gg i alle variantar og smakar høyrer påska til og det samme gjeld søtsaker til å fylle påskeegga med. Desse søte munnfullane med heimelaga marsipan, nougat, karamelliserte pistasjnøtter og sjokolade er nydelege og passar perfekt saman med ein kopp kaffe og ei god bok.