Bananvafler

Atter ein gong låg det godt overmodne bananar med brunflekkete skal i fruktskåla og eg måtte prøve å bruke dei til noko godt. I morgon er det den store vaffeldagen, og då vart det utgangspunktet for ei ny oppskrift. Bananvafler er saftige, mjuke og smakar nydeleg med kesam og fersk eksotisk frukt.

Fortsett å les «Bananvafler»

Sandwich med persimon, brie & bacon

Når ein ikkje verken har tid eller lyst til å lage eit stort måltid og må ha noko lite og enkelt å ete er ein varm sandwich perfekt. Denne består av pannestekte skiver med søt persimonfrukt, sprøstekte baconskiver og smelta brie. Enkelt og smakfullt lite måltid som tek kort tid å lage!

Fortsett å les «Sandwich med persimon, brie & bacon»

Bruschetta med balsamicomarinerte jordbær & chèvre

Snart nærmar det seg bærsesong igjen her i Norge, men enn så lenge får vi klare oss med dei utenlandske bæra på butikken. Denne enkle retten som fungerer som både forrett, lunsj og snack har god smak frå jordbær som er marinerte i balsamico og basilikum og er nydeleg saman med god ost og godt brød.

Fortsett å les «Bruschetta med balsamicomarinerte jordbær & chèvre»