Stikkord: sopp

Ravioli med sopp

Heimelaga pasta er noko av det beste eg får, og er den i tillegg med fyll av skogens gull blir det enda betre. Denne raviolien er fylt med eit krema kantarell-og champignonfyll som smakar nydeleg.

Viltburger

[dropcap]E[/dropcap]in herleg viltburger med hjortekjøt, soppstuing, tyttebærsyltetøy og brunost er akkurat så nordisk og smakfullt som det høyrest ut til å vere.

Gnocchi med kantarell

[dropcap]G[/dropcap]nocchi har blitt ein ny favoritt i heimen i det siste og erstattar ofte den vanlege pastaen. Den mjuke konsistensen og smaken poteta gir i ei pasta-deig må du berre prøve!

Kvit lasagne med kylling, sopp & spinat

[dropcap]K[/dropcap]vit lasagne er utan tomatsaus og har i staden ein fyldig og krema konsistens av krema kvit saus med fløte og ost. Saman med den kvite sausen er det smakar som kylling, spekeskinke, spinat og kantarell som gir ei herleg smaksrik oppleving.

Kylling-og ølgryte

[dropcap]E[/dropcap]it fint alternativ til den ordinære biff-og raudvinsgryta er å prøve seg på kylling kokt i ølgryte. Denne retten har eit lite hint av ølsmak og gir kjøt som er saftig og ein kraftsjy som smakar aromatisk og fyldig.

Viltsuppe med lammekjøtbollar

[dropcap]E[/dropcap]r det noko eg er ekstra glad i så er det krema supper og gryter med viltkjøt og typiske tradisjonelle “norske” smakar og ingrediensar. Viltsuppe med kantarell, einebær, tyttebær og kjøtbollar av lammekjøt gir meg akkurat den assosiasjonen.

Sandwich med kantarellstuing

[dropcap]N[/dropcap]år hausten og soppsesongen er her er det ingenting som er bedre enn ein skikkeleg sandwich med god kantarellstuing til lunsj eller kvelds. Den herleg krema blandinga med god smak frå kantarell saman med sprøsteikt brød er uslåeleg!