Kantarellpizza med karamellisert sjalottløk & strandaskinke

DSC00614

Vi er framleis i sommarmånaden august, men ute minner vèret mest om haust. I skogen er kantarellen i full vekst og då er det klart ein må bruke den til gode middagar. Denne pizzaen har god smak av kantarell saman med søt sjalottløk, salt strandaskinke og masse god smak frå crème fraiche-saus i botnen.

Fortsett å les «Kantarellpizza med karamellisert sjalottløk & strandaskinke»

Hjorteburger med tyttebærdressing & kantarell

DSC00589

Det er lite som slår det å sette tenna i ein god og saftig heimelaga burger når helgemiddagen skal inntakast med god samvittigheit. Denne burgeren er vel det eg vil kalle den ultimate haustburger, då den inneheld karbonader av hjortekjøt, tyttebærdressing og smørstekte kantarellar med timian.

Fortsett å les «Hjorteburger med tyttebærdressing & kantarell»

Sopprisotto med kantarell & ruccula

DSC_0259

Risotto er mettande og kan varierast i det uendelege med smakar og tilbehør. Her i soppversjon med kantarellar, purre og ruccula. Sopprisotto er nydeleg haustmat til å varme seg på mørke kveldar og er skikkeleg kosemat. Med god kraft og fersk sopp blir dette ein smakfull rett å glede seg til å få sette tennene i.

Fortsett å les «Sopprisotto med kantarell & ruccula»