Stikkord: søtt

Havrecookies med eit dryss havsalt

Av og til får eg akutt lyst på nysteikte, seige og søte cookies og må berre gi etter for lysta. Ekstra godt synest eg det er om eg får med havregryn som gir den nøttete smaken og litt konsistens til kjeksa. Dei har sprø overflate og kantar, medan dei framleis […]

Franske makronar med Nutella & havsalt

Ein av mine største svakheiter når det kjem til søtt er franske makronar i alle moglege smakar. Desse har eg laga med hasselnøtter og fylt med ein smørkrem med det populære pålegget Nutella og havsalt. Kombinasjonen søtt og salt slår aldri feil. Etter fleire år med baking av desse på […]

Sjokolademakron med kaffe-smørkrem

[dropcap]D[/dropcap]et er omtrent to år sidan sist eg laga franske makronar, og du store min så godt eg hadde gløymt at dette er! Knasande sprø utside, seig innside, mjukt fyll og smakskombinasjon av sjokolade og kaffe – det blir knapt betre!

Kanelsnurrar av spelt

[dropcap]N[/dropcap]o i helga er det fastelavn og då er søt gjærbakst og bollar garantert noko dei fleste har planar om å bake. Ikkje alle er like glade i bollar med krem og nettopp då er kanelsnurrar eit perfekt alternativ. Desse er baka med spelt og resultatet blei store og smakfulle […]

Julegodt

[dropcap]M[/dropcap]ed berre få dagar att til den store dagen står nok gjeremåla på rekke og rad for dei aller fleste no i julestria. Då er det fint med oppskrifter på noko søtt og godt som ikkje tek timesvis å lage eller er alt for mykje arbeid å lage. Her har […]

Seige emmerkjeks med sjokolade

[dropcap]E[/dropcap]mmer er eit urgammalt kornslag og er også ein av forfedrene til spelt. Emmer er rikt på fiber og gir ein relativt mørk farge og meir intens smak enn vanleg kveite. Desse kjeksa får ein litt grov utsjånad utan at det “smakar sunt”og er etter mi meining heilt nydelege. Kjeksa […]

Baklava

[dropcap]S[/dropcap]øtt, knasande, klissete og krydra er stikkord for denne herlege tyrkiske dessertkaka. Med lag av filodeig, nøtteblanding med kanel og søt honningsirup dynka over det heile har du ein søt og smakfull godbit til kaffèen.

Påskeegg med marsipan & nougatcrunch

Egg i alle variantar og smakar høyrer påska til og det samme gjeld søtsaker til å fylle påskeegga med. Desse søte munnfullane med heimelaga marsipan, nougat, karamelliserte pistasjnøtter og sjokolade er nydelege og passar perfekt saman med ein kopp kaffe og ei god bok.

Flødebolle med jordbær & lakris

[dropcap]D[/dropcap]anske flødeboller er små søte godsaker med ein botn av marsipan eller kjeks, sukkerskum med eller utan smakstilsetning og eit sjokoladetrekk utanpå. Denne varianten er laga med kransekakedeig med lakris, jordbærskum og sjokolade med lakrisstrøssel på toppen.