Løksuppe verken høyrer eller ser kanskje spesielt godt ut, men eg kan garantere at smaken så absolutt er det. Løken får ein mild og søtleg smak når den blir steikt og kokt over lang tid og gir ei svært aromatisk suppe. På toppen av suppa er det gratinerte brødskiver med god ost.
Merkelapp: suppe
Viltsuppe med lammekjøtbollar
Er det noko eg er ekstra glad i så er det krema supper og gryter med viltkjøt og typiske tradisjonelle «norske» smakar og ingrediensar. Viltsuppe med kantarell, einebær, tyttebær og kjøtbollar av lammekjøt gir meg akkurat den assosiasjonen.
Jordskokksuppe med rista hasselnøtter & spekeskinke
Hausten er den tida det blir laga mest supper i dei fleste heimar. Jordskokk passar perfekt til suppe og gir ein rund og nøtteaktig smak som dei fleste vil like. Denne suppa er fyldig og krema og har eit hint av søtleg smak.
Fortsett å les «Jordskokksuppe med rista hasselnøtter & spekeskinke»
Brokkolisuppe med erter & spekeskinke
Grøn brokkolisuppe med erter og spekeskinke er enkel og super kvardagsmiddag. Denne milde suppa passar dei fleste ganar og er laga med kokosmjølk som gir ein krema men lett konsistens.
Krema blomkålsuppe
Heimelaga blomkålsuppe er rask og god kvardagsmat som fell i smak hos dei fleste. Denne varianten er ganske tjukk og krema og er toppa med sprøstekt serranoskinke, pinjekjerner og persille.
Krema soppsuppe
Ei god krema soppsuppe med bitar av champignonsopp og purreløk saman med rista brød er noko av det beste du kan servere meg ein vinterkveld. Denne suppa er nettopp dette. Soppsuppa har ein aromatisk og mild smak av champignon og ein krema og mjuk konsistens som smeltar på tunga.
Ertesuppe med grønsaker & svineknoke
Ekte tradisjonskost står på menyen idag. Ertesuppe vekker gamle minner frå middagar med farmor, og det er nettopp ertesuppe som skal serverast her idag.
Kantarellsuppe
Skogens gull er nok ein gong brukt til å kokkelere fram ein middagsrett. Kantarellen som eg har plukka siste dagane blei det laga ei herleg kremete og smakfull suppe av til middagen i går.
Heimelaga tomatsuppe med kvitløksbrød
Heimelaga tomatsuppe er noko av det enklaste og beste ein kan lage til middag. Brukar du gode tomatar i suppa så er du eigentleg garantert suksess.