Ei terte med godt fyll er enkel mat å lage og fungerer som både lunsj-måltid, middag eller del av eit koldtbord. Denne har fått klassiske smakar av pesto, spekeskinke, tomat og løk og er perfekt sommarmat saman med ein grøn salat.
Merkelapp: terte
Mazarinterte med rabarbra
Mazarinterte er ei kake med botn av mørdeig og eit fyll av mandelmasse. Mazarin kjenner du kanskje best igjen frå barndommen i små porsjonsformer av metall med eit lag med kvit glasur på toppen. Denne varianten er laga som ei stor terte og har litt rabarbra i seg som gir ein frisk og syrleg smak til det søte mandelfyllet.
Søt tertedeig
Søt tertedeig er utgangspunktet for mange gode dessertar og terter i både store og små utgåver. Deiga er superenkel å lage og perfekt til for eksempel terter med bær og anna godt fyll.
Quiche med røykalaks & asparges
Vårlig og smakfull quiche med skiver av god røykalaks, ferske aspargestoppar, vårløk og rosèpeppar som smakar nydeleg saman med grøn salat og syrleg vinaigrette. Dette er mat som passar ein solrik vårdag med sine friske fargar.
Tarte au citron et lavande
Fransk sitronterte er ein klassikar som du finn overalt i Frankrike. Denne terta med smak av lavendel er ein smaksopplevelse for dei som er glad i syrleg sitron og ikkje er redd for nye smakar.
Jordbærgalette
Denne franske bærterta er ein enkel, rask og rustikk dessert og ein ypperleg måte å utnytte sesongens gode jordbær. Her får du både søtt, sprøtt, syrleg og friskt i samme rett.
Fransk løkterte
Sjokoladeterte med valnøtter & kaffesmak
Når du har lyst på ei kake, sjokolade og nøtter, men ikkje den vanlege sjokoladekaka eller noko som er alt for søtt. Då lagar du ei terte!