Stikkord: tilbehør

Havrekjeks

Knasande kjeks med havre er kjekt å ha på lur når blodsukkeret stuper eller ein vil ha ein lettvint snack å kose seg med. Aller best smakar dei med ei god skive ost og syltetøy på, spør du meg.

Kylling-& karrisalat i wrap

[dropcap]K[/dropcap]ylling og karri er ein kombinasjon som alltid slår an og det gjeld også i denne påleggs-salaten. Pakka inn i ei grov tortillalefse med grøn salat blir dette eit godt lunsj-måltid med mykje god smak.

Earl Grey- Granola

[dropcap]K[/dropcap]vardags-frukostane mine består svært ofte av gresk yoghurt eller annan type mjølkeprodukt toppa med ferske bær og heimelaga granola eller müsli. Lukta av Earl Grey-te gir meg umiddelbart kjensla av tidleg morgon og ein god start på dagen. Derfor er denne granolaen med eit lite hint av nettopp denne teen […]

Brødsnurrar med parmesan & soltørka tomat

[dropcap]E[/dropcap]in brødsnurr er perfekt tilbehør til supper eller spekemat eller berre som snacks dersom du har lyst på noko godt. Desse med parmesan og soltørka tomat smakar nydeleg saman med for eks. tomatsuppe eller som tilbehør til tapas-bord med spekemat og salat.

Saftig langpanne-focaccia

[dropcap]J[/dropcap]akta på den perfekte focaccia har endeleg slutta med denne saftige langpanne-utgåva. Focaccia er stort sett alltid vellukka og smakfullt, men det er ikkje før no eg har blitt heilt fornøgd med resultatet.

Tomatsaus

[dropcap]E[/dropcap]in god og enkel heimelaga tomatsaus er utgangspunkt for mange pizza-og pastarettar. Denne er laga heilt frå botnen av med gode cherrytomatar og passar til det meste.

Eplesmør

[dropcap]E[/dropcap]plesmør er overraskande godt og smakar nesten som karamellisert eplemos. Eplesmør inneheld ikkje smør i det heile, men har derimot smørekonsistens som smør og er nydeleg godt på brødskiva.

Rognebærsirup

[dropcap]H[/dropcap]austen byr på flotte fargar både til matfatet og ute i naturen og dei knallraude rognebæra er like fine både inne og ute. Denne rognebærsirupen smakar utruleg godt saman med tradisjonell mat som kjøtkaker og ulike rettar med viltkjøt.

Pitabrød

[dropcap]P[/dropcap]itabrød er det perfekte tilbehør til middags-rettar. Den hole lomma i brødet kan fyllast med ulike typar kjøt eller fisk, salat eller pålegg og passar fint både til lunsj og middag.