Stikkord: tilbehør

Rabarbra-& jordbærkompott

[dropcap]R[/dropcap]abarbra og jordbær smakar nydeleg saman og gir ein fin harmoni av syrleg og søt smak. Denne kompotten er frisk på smak med eit lite hint av krydder og er god på godt brød, vafler, pannekaker eller i yoghurt-eller dessertskåla.

Basilikum-vinaigrette

[dropcap]N[/dropcap]o som det snart er sommar er det også høgtid for grilling og lette middagar med mykje salatar. Då er det godt med ein lett og smakfull dressing eller vinaigrette som kan gi ekstra smak til måltidet.

Heimelaga ketchup

[dropcap]K[/dropcap]etchup har eg knapt nok spist sidan barndommen, og då var det Idun si raude flaske det gjekk i. Denne ketchupen smakar longt i frå den ferdige ketchupflaska frå butikken og har ein aromatisk kryddersmak som berre må prøvast. Ketchupen er nydeleg saman med for eksempel heimelaga burger og pommes […]

Mjuke minitortilla

[dropcap]D[/dropcap]esse heimelaga minitortillalefsene er mjuke og saftige og perfekte til å fylle med taco eller andre gode smårettar. Tortillalefsene slepp lang hevetid og går raskt å steike, men uansett så synest iallefall eg at det er verdt den tida det tek.

Valnøtter i akasiehonning

[dropcap]I[/dropcap]dag vil eg tipse om eit supert tilbehør du kan ha saman med gode ostar og kjeks eller brød. Det er rett og slett noko så enkelt som valnøtter i akasiehonning med kryddersmak. Dette har vore fast inventar her i heimen i lang tid og eg går aldri lei.

Graven ørret

[dropcap]G[/dropcap]raven laks eller ørret blir ofte brukt til jul og koldtborda rundt julehøgtida, men denne nydelege fiskeretten er like god heile året rundt. Om du ikkje rakk å lage dette til jul så er det berre å sette i gong no, så har du eit smakfullt og sunt pålegg til […]

Raud pesto

[dropcap]P[/dropcap]esto er flott tilbehør og smakstilsetning som kan brukast til utruleg mange matrettar. Her snakkar vi bruksområder i det uendelege. Det finst mange gode å få kjøpt ferdig, men igjen..heimelaga er det beste!