Stikkord: tomat

Pizza med tomat, chorizo & oliven

[dropcap]B[/dropcap]erre tanken av ein pizza med tynn, sprø skorpe og saftig og smakfullt fyll kan få ein kvar til å få vatn i munnen. Denne er akkurat slik og har smakar som chorizopølse, svarte oliven, tomatsaus, soltørka tomat og timian i seg.

Spansk torskepanne

[dropcap]T[/dropcap]orsk i panne med tomat, chorizo og safran gir assosiasjonar til det spanske kjøkken og er ein herleg rett som kan serverast til både kvardags og fest. Saman med ferskt focacciabrød blir dette ein fin rett som kan minne litt om ein ekstra aromatisk bacalao.

Heimelaga ketchup

[dropcap]K[/dropcap]etchup har eg knapt nok spist sidan barndommen, og då var det Idun si raude flaske det gjekk i. Denne ketchupen smakar longt i frå den ferdige ketchupflaska frå butikken og har ein aromatisk kryddersmak som berre må prøvast. Ketchupen er nydeleg saman med for eksempel heimelaga burger og pommes […]

Focaccia-sandwich med ovnsbakte tomatar

[dropcap]L[/dropcap]ite slår eit godt stykke brød saman med godt pålegg og tilbehør. Denne sandwichen med heimelaga focacciabrød, ovnsbakte småtomatar, avokadomos, serranoskinke og mozzarellaost utgjer ein solid lunsj eller enkel middag til dagar der ein ikkje orkar for mykje kokkelering med gryter og panner.

Torskekaker i krydra tomatsaus

[dropcap]F[/dropcap]iskekaker av torsk med smakfull og krydra tomatsaus på ein mandag er passande etter utskeielsar i helga. Desse fiskekakene i tomatsaus er proppa fulle i smak og er eit friskt innslag blant dei tradisjonelle fiskemiddagane.

Raud pesto

[dropcap]P[/dropcap]esto er flott tilbehør og smakstilsetning som kan brukast til utruleg mange matrettar. Her snakkar vi bruksområder i det uendelege. Det finst mange gode å få kjøpt ferdig, men igjen..heimelaga er det beste!