Tapas- & smårettar til 17.mai

På lik måte som med alle kakene til nasjonaldagen er det også mange som skal ha med seg smårettar til forskjellige arrangement eller skal ha mange gjestar å servere. Då er det perfekt med smårettar og koldtbord som kan lagast kjapt og forberedast på førehand.

Her får du tips til enkle rettar som du kan lage kjapt og som i tillegg smakar utruleg godt. Mykje av rettane kan lagast både ein og to dagar før servering og noko kan også frysast ned på førehand. Spekemat høyrer til på slike dagar og er nydeleg mat som du kan ha forskjellig tilbehør til, så her er det berre å leite seg fram ein favoritt eller to som passar inn i din meny.

1. Ceviche med laks:

DSC_0361

Denne retten har ein frisk og spennande smak med rå laks marinert i sitrus og masse god smak frå mellom anna chili, mango og avokado. Retten er super å lage på førehand og servere på rista brød.

2. Potetlomperuller med tomatkrem & fenalår:

DSC_0429

Potetlomper og spekemat er typisk norsk mat og passar perfekt til den store dagen. Her har du rullar med god kremost som er smakssatt med soltørka tomatar og skiver av fenalår eller spekeskinke.

3. Focaccia med brie, fiken & rosmarin:

DSC_0781

Focacciabrød er ein stor favoritt for mange og er det perfekte brød å servere saman med spekemat og smårettar av ulike slag. Denne varianten har bitar med brie og fiken i seg og smakar rett nydeleg.

4. Quiche med røykalaks & asparges:

DSC_0752

Denne terta med god norsk røykalaks og asparges er frisk og vårleg og kan serverast både varm og kald. Saman med litt grøn salat og ein god vinaigrettedressing har du ein nydeleg rett til koldtbordet.

5. Bolinhos de bacalhau (klippfiskbollar):

DSC_0621

Klippfiskbollar er små friterte bollar av poteter og klippfisk og er nydeleg saman med aioli og tomatsalsa.

6. Mini focaccia:

DSC_0318

Desse små og runde porsjonsfocacciabrøda inneheld heile cherrytomatar og får ein nydeleg smak. Bruk dei som hamburgerbrød eller tilbehør til spekemat og salatar.

7. Waldorfsalat:

DSC_0074

Ein god waldorfsalat er også fin å servere saman med salt spekemat og brød eller flatbrød.

8. Ertesuppe med grønsaker & svineknoke:

DSC_0719

Etter god tradisjon frå barndommen høyrde ei ertesuppe med som varm lunsj hos farmor på 17. mai. Dette er super mat som mettar og kan lagast i store porsjonar.

9. Eltefrie valnøttrundstykker:

DSC_0855

Den beste måten å starte ein lang og fin dag på er med nystekte rundstykker til frukosten eller lunsjen. Med eltefrie rundstykker har du raskt deiga klar til fersk frukost uten masse arbeid.

10. Pestobrødroser:

DSC_0634

Kva er vel ein 17.mai uten spekemat? Her får du både brødet og spekematen i same retten. Når den i tillegg er forma som ei rose passar den fint inn på bordet.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*