Tebriks

[dropcap]T[/dropcap]ebriks er ypperleg å servere til frukost eller kvelds når ein har lyst på noko godt og vil ha noko anna enn dei vanlege rundstykka. Desse er fylte med masse godt smør, strandaskinke og valmuefrø eller ost på toppen.

Smaken av smør er godt framtredande og gir ein mjuk konsistens og nydeleg smak til desse firkanta godsakene. Den lett salte strandaskinka gir dei tradisjonelle tebriksa ein smakfull vri og mettar ekstra. Sprøstekt ost med mykje smak på toppen gjer det heile enda bedre, men her står du fritt til å lage dei på tradisjonelt vis med valmuefrø. Tebriksa smakar godt saman med ost, salat og nokre skiver agurk eller tomat og ein varm kopp te ved sidan av. Dei er like gode som både helgefrukost eller kveldskos!

DSC00374

DSC00414

[recipe-foody]Ingrediensar til 8 stk tebriks:

  • 2 ½ dl lunka vatn
  • ½ pk tørrgjær
  • 1 ss sukker
  • 50 g smør, smelta
  • 350 g kveitemjøl
  • 150 g fullkornsmjøl
  • ½ ts salt
  • 1 egg
  • 60 g romtemperert & mjukt smør, til fyll
  • ca. 100 g strandaskinke eller anna spekeskinke
  • 1 egg, til pensling
  • valmuefrø eller reven ost (gjerne gruyere el. gouda), til strø på toppen

[/recipe-foody]

Ha lunka vatn, tørrgjær og sukker i ein bolle og la det løyse seg opp litt. Tilsett smelta smør. Ha deretter i kveitemjøl, fullkornsmjøl, salt og egg og elt deiga i maskin i ca. 5 minutter. Når du har fått ei glatt og smidig deig sett du den til heving på ein lun stad i ca. 1 times tid, eller til dobbel størrelse.

Kjevle ut den ferdigheva deiga til eit rektangel på ca. 30 cm x 40 cm, og 1 cm tjukkelse. Smør mesteparten av smøret utover 2/3 av rektangelet. Legg deretter skiver av strandaskinke utover der du har smurt på smøret slik at det dekker alt. Eg brukte ca. 15 skiver totalt. Brett deretter den usmurte delen av rektangelet halvvegs over deiga med smør og spekeskinke. Deretter smører du resten av smøret oppå toppen av den delen igjen. Så brettar du den siste deigfolden (der det er smør og spekeskinke) oppå der igjen, slik at du har tre lag med deig. No sitt du igjen med eit smalt rektangel som du skjærer i 8 like store firkantar. Sett på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i ca. 45 min.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Pensle tebriksa med egg og strø på reven ost eller valmuefrø. Steik midt i ovnen i ca. 15 minutter, til dei er gyldne og sprø på toppen. Server dei lune saman med ekstra pålegg eller slik som dei er.

DSC00380

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*