Tiramisu-iskake

[dropcap]D[/dropcap]en klassiske italienske desserten tiramisu er denne gongen blitt ei iskald utgåve i form av iskake. Smakane er framleis dei same gode som den originale utgåva, og inneheld både mascarpone, kaffe og savoiardikjeks.

Tiramisu er ein enkel dessert å lage, og sjølv om det tek noko lengre tid å lage den som iskake er det likevel ein lettlaga dessert. Tiramisu har ein krema og fyldig smak av mascarpone, krem og kaffe og eignar seg flott som iskrem no til sommaren.

YWKmasDtT9qeQX9i42GQdA_thumb_6ef8

dKFUseWUT5WoQdoVD0FMrA_thumb_6ef3

[recipe-foody]Ingrediensar til tiramisu-iskake:

  • 2 dl sterk kaffe, avkjølt
  • 2 egg
  • 2 eggeplommer
  • 150 g melis
  • 250 g mascarpone + 1 ss sukker
  • 2 dl kremfløyte
  • 4 ss marsalavin/sherry
  • 12 stk. savoiardikjeks (også kalt ladyfingers)
  • bakekakao, til servering

[/recipe-foody]

Pisk egg og 1 eggeplomme til luftig og tjukk eggedosis saman med melis. Pisk saman den siste eggeplomma med mascarpone, 1 ss sukker og marsalavin (evt. sherry) i ein bolle for å gjere det lettare å blande inn i eggedosisen. Pisk inn mascarpone-blandinga i eggedosisen til alt er godt fordelt. Pisk kremfløyten til stiv krem. Bland inn ein tredjedel av kremen i eggedosisen. Til slutt vender du inn resten av kremen forsiktig slik at du beheld lufta. Dypp savoiardikjeks i kald kaffe slik dei akkurat har trekt til seg nok væske slik dei blir lett fuktige utan å bli for blaute. Legg dei klart på eit fat medan du forbereder resten. Dekk ei brødform på ca. 1, 5 liter med plastfolie i botnen og over kantane slik det blir lettare å få ut iskaka når den er fryst. Hell over eit lite lag med iskrem i botnen av forma og deretter legg du halvparten av kjeksa over slik det dekker mesteparten av isen. Deretter heller du på eit nytt lag med iskrem og deretter eit siste lag med kjeks. Til slutt heller du over resten av iskremen. Brett over plastfolien på toppen av forma og dekk godt til. Set forma i frysaren i minimum 5-6 timar eller gjerne over natta.

Rett før servering fjerner du plastfolien og vender brødforma opp ned på eit fat. Dryss over eit lag med kakao og server iskaka med ein gong.

87hf07qrQDi0A3AFcey6KA_thumb_6eec

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*