[dropcap]F[/dropcap]yldig og mektig oste-og sjokoladekake med smak av tiramisu er perfekt for kaffeelskaren. Kaka er som eit konfektstykke og er perfekt til kaffekoppen.
Tiramisu er ein italiensk dessert med mascarpone, kakao, kaffe og kjeks og smakar forøvrig fantastisk i originalform. Her har eg brukt smakane frå tiramisu og kombinert dei med ei ostekake. Kaka er ganske så mektig, så eit lite stykke held lenge.
[recipe-foody]Ingrediensar til tiramisu ostekake for ca. 10 personar:
Kjeksbotnen:
- 175 g Digestivekjeks
- 50 g smør, smelta
- 1 klype salt
Ostefyll:
- 250 g Philadelphiaost
- 250 g mascarponeost
- 100 g demerarasukker
- 1 ½ dl fløte
- 1 ts vaniljeekstrakt
- 1 ts vaniljesukker
- 1 ss sherry eller dessertvin
- 1 ss appelsinsaft
- 1 ss hvetemel
- 2 egg
- 1 eggeplomme
- 2 ss sterk pulverkaffe
- 2 ss vatn, kokvarmt
Sjokoladetopping:
- 15 g smør
- 50 g demerarasukker
- 1 ts pulverkaffe
- 1 ss crème fraÎche
- 125 g mørk kokesjokolade
- 200 g mascarponeost
Pynt:
- 1 pk Ladyfingerskjeks
- kakao til dryss
- smelta sjokolade
- mokkabønner
[/recipe-foody]
Start med kjeksbotnen. Ha Digestivekjeks, salt og smelta smør i ein foodprocessor og kjør til du får ei kornete masse. Fordel blandinga i ei smurt 22 cm springform med bakepapir i botnen. Trykk massa godt nedi forma og glatt til overflata. Sett så forma i kjøleskap i ca. 15 minutter.
Forvarm steikeovnen til 150 ºC. Bland saman philadelphiaost, mascarponeost og sukker i ein bolle og rør til det blir glatt. Ha så i fløte, vaniljeekstrakt, vaniljesukker, sherry, appelsinsaft og hvetemel og rør ut. Tilsett så egga eitt og eitt i gongen og bland godt mellom kvart av dei. Ha pulverkaffe i ei lita skål og tilsett varmt vatn og bland det godt ut og ha så over i ostefyllet. Hell ostefyllblandinga forsiktig over kjeksbotnen og sett midt i steikeovnen og la steike i ca. 1 time og 20 minutter. Den er ferdigsteikt når den er stivna og blitt fast i kantane, men fortsatt er litt laus i midten. Skru av steikeovnen og la så kaka stå i steikeovnen med døra åpen i ca. 2 timar. Avkjøl litt på kjøkkenbenken og sett så kaka til avkjøling i kjøleskapet i 1 times tid.
Lag sjokoladefyllet medan kaka kjøler seg ned i kjøleskapet. Ha smør, sukker, pulverkaffe og crème fraÎche i ein kjele over lav varme og la det smelte. Hakk sjokoladen fint og ha over i kjelen når sukkeret har smelta. La det stå på varmen i ca. 2 minutter til. Rør så godt rundt til all sjokoladen er smelta og blandinga har blitt glatt og fin. Ha så i mascarponeosten litt og litt i gongen og rør rundt i det til blandinga har blitt glansfull og klumpfri. Hell sjokoladefyllet over toppen på den avkjølte ostekaka og sett så tilbake i kjøleskapet i nokre timar eller over natta til fyllet har satt seg.
Før servering drysser du eit lett lag med kakaopulver over kaka. Smelt litt sjokolade over vannbad eller forsiktig i mikrobølgeovn. Del Ladyfingerskjeks i to på midten og bruk den smelta sjokoladen til å sette dei fast rundt kanten på kaka. Pynt gjerne med litt mokkabønner til slutt og server kaka som den er eller med litt friske jordbær for å få noko friskt attåt den mektige osten og sjokoladen.
Håper det fell i smak!