Tiramisuglas

DSC_0404

Den italienske desserten tiramisu som betyr «løft meg opp» er ein klassisk gjengangar hos meg og passar alltid inn. Navnet kjem på grunn av at desserten inneheld koffein som virkar oppkvikkande, seiast det. Tiramisu består av savoiardikjeks (på norsk kalt fingerkjeks) som er dynka i sterk kaffe og gjerne marsalavin og ein mascarponekrem.

Dessertar som inneheld kaffe og ostekrem er av mine favorittar, så nettopp derfor er eg så glad i akkurat denne desserten. Når du i tillegg toppar desserten med eit lag kakao eller reven sjokolade, ja då har du ein perfekt dessert i mine auge. Sjølv om den originale oppskrifta inneheld marsalavin har eg alle tider brukt sherry i min tiramisu og synest det smakar veldig godt. Så her kan du sjølv velge kva du vil gå for i din dessert sidan begge deler er vanleg å bruke i tiramisu.

DSC_0394

Ingrediensar til 4-5 glas med tiramisu:

  • ca. 1,75 dl espresso eller sterk kaffe, avkjølt
  • 15-16 stk Savoiardikjeks (fingerkjeks/ladyfingers)
  • evt. ein klunk bristol cream sherry/marsalavin
  • 3 små/medium egg, separerte
  • 65 g sukker (ca. 5 ss)
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 250 g mascarponeost
  • 3 ss sherry/marsalavin

Legg savoiardikjeks utover i ei form og hell over den avkjølte espressoen slik at alle kjeksa blir likt dynka. Om du føler for det kan du ha over ein liten klunk sherry over kjeksa i tillegg. La dei stå og trekke medan du gjer klart resten.

Skil eggekvitene og eggeplommene kvar for seg i to bollar. Stivpisk eggekvitene. I den andre bollen piskar du eggeplommene lyse og luftige saman med sukker og vaniljesukker. Ha i mascarponeost og sherry i eggedosisen og rør det luftig. Ha i ein tredjedel av eggekvitene i mascarponekremen og bland det godt saman. Vend deretter inn resten av eggekvitene i blandinga forsiktig med ein slikkepott slik du beheld lufta.

Fordel litt dynka savoiardikjeks i botnen på 5 porsjonsglas (eg brukte glas som rommar ca. 2 dl). Legg ein god klatt med mascarponekrem i kvart glas og deretter eit nytt lag med savoiardikjeks. Til slutt har du over eit nytt lag med mascarponekrem på toppen. Sett glasa i kjøleskap i ca. 2-3 timar før servering slik kremen får satt seg.

Sikt over eit tynt lag med bakekakao på toppen av kvart glas og pynt gjerne med nokre mokkabønner. Om du heller vil ha sjokolade på toppen kan du rive litt mørk kokesjokolade på eit rivjern og ha på toppen av desserten. Nytast gjerne saman med ein kopp kaffe!

DSC_0406 2

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *