Tomatknutar

[dropcap]T[/dropcap]omatknutar er småbrød som er forma som nettopp små knutar og har masse god smak av soltørka tomatar og eit lite hint av parmesan på toppen. Bruk dei som tilbehør til supper, salatar og tapas eller spis dei som dei er med ein god klatt smør.

Soltørka tomat er noko eg er veldig glad i å bruke i både bakst og matlaging sidan det gir ein utruleg god og aromatisk smak. Den søte og runde smaken frå tomatane gir brøda ein nydeleg smak saman med det salte frå parmesanosten. Så neste gong du skal lage kvitløksbrød til suppa eller salaten så er kanskje desse noko å prøve istaden.

DSC_0769

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 20 stk tomatknutar:

  • 3 dl vatn, romtemperert
  • 1 ss tørrgjær
  • 1 ts sukker
  • 35 g god olivenolje
  • 480 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 75 g soltørka tomat med basilikumolje, finhakka
  • olivenolje, til pensling
  • parmesan, reven

[/recipe-foody]

Ha vatn, tørrgjær og sukker i ein bakebolle og la det stå eit par minutter for å løyse seg opp. Tilsett deretter olivenolje, kveitemjøl og salt og elt deiga i ca. 10 minutter i kjøkkenmaskin. Juster eventuelt med meir kveitemjøl eller vatn etter behov.  La oljen frå dei soltørka tomatane renne av og tilsett så tomatane i deiga og elt det inn på høg hastigheit i eit par minutter ekstra. Kna saman deiga til ein ball og legg til heving under plastfolie i ca. 1 ½ time, til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Del deiga inn i ca. 20 stk. like store emner. Trill dei til avlange pølser på ca. 15 cm. Slå ein knute på kvar av deigpølsene og sett på bakepapirkledd steikebrett. La etterheve i ca. 30 minutter.

Pensle tomatknutane med litt olivenolje og strø over ønska mengde med reven parmesan og steik midt i steikeovnen i ca. 12-14 minutter, til dei er gyldne.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*