Tomatsalsa

[dropcap]T[/dropcap]omatsalsa eller tacosaus som det også kan kallast er det svært enkelt å lage sjølv heilt frå botnen av. Frisk smak av tomat, løk, chili og koriander som passar supert som tilbehør til ulike meksikanske rettar!

Ved å lage heimelaga tomatsalsa får du eit friskt tilbehør som passar som tilbehør til taco, som saus til biff eller som dip til nachos eller chips. Det er også enkelt å justere styrken på salsaen ved å tilsetje chili etter eigen smak. Så neste gong du planlegg å lage den faste helgetacoen vil eg råde deg til å lage din eigen tacosaus heilt sjølv!

bxrMKGWNQgOW88B5Q69Clw_thumb_6b42

[recipe-foody]Ingrediensar til ein porsjon tomatsalsa:

  • 250 g tomat (gjerne plomme/cherry)
  • ¼- ½ raudløk
  • ¼ – ½ raud chili
  • 1 ½ fedd kvitløk
  • 1 lita ts spisskummen, malt
  • ½ ts salt
  • 1 klype brunsukker (valfritt)
  • 2-3 ss fersk koriander
  • lime, safta
  • svart pepar

[/recipe-foody]

Del tomatane i to eller fire etter storleiken. Finhakk raudløk, chili og kvitløk. Ha ingrediensane i ein stavmiksar saman med spisskummen, salt, brunsukker og koriander og kjør til glatt purè. Smak til med limesaft og pepar. Salsaen kan du oppbevare på tett glas i kjøleskapet i ca. 1 vekes tid. Server gjerne saman med taco, til tortillachips eller nachos eller som saus til biffen!

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*