Tomatsaus

6Z7PmJs8TGWoagXgGVuI9Q_thumb_719f

Ein god og enkel heimelaga tomatsaus er utgangspunkt for mange pizza-og pastarettar. Denne er laga heilt frå botnen av med gode cherrytomatar og passar til det meste.

Ein skikkeleg god tomatsaus legg grunnlaget for smakfullt pizzafyll eller som base for pastasaus. Ved å tilsetje ulike typar urter og krydder kan du enkelt variere smaken på type saus. Sjølv om denne er laga med heile tomatar tek det slett ikkje så alt for lang tid å lage, men verdt det er det i alle fall uansett. Ferdig tomatsaus er også perfekt å fryse ned og ha klar til seinare bruk.

PNlxZmlET5qSfsq8u5z05g_thumb_71a2

Ingrediensar til èin porsjon tomatsaus:

  • 2 fedd kvitløk, knust
  • 2-3 sjalottløk (avhengig av storleik), finhakka
  • 450 g cherrytomat
  • 2 ss balsamicoeddik
  • 1 neve fersk basilikum (evt. 1 ss tørka)
  • 2 ts tørka oregano
  • 2 ss tomatpuré
  • salt & pepar
  • olivenolje, til steiking

Varm opp ein liten kjele og ha i olivenolje. Tilset kvitløk og sjalottløk og lat det surre i ca. 5 minutt, eller til løken er mjuk og blank. Del cherrytomatane i to og ha dei i kjelen. Lat det koke saman på middels lav varme til tomatane går i oppløysing, dette kan ta 15-20 minutt. Tilset gjerne litt vatn for å få ein litt lausare konsistens. Ha i balsamicoeddik, basilikum og oregano. Bruk ein stavmiksar og kjør til puré. Tilset tomatpuré og lat det koke vidare i 5-10 minutt. Dersom du synest det blir for tjukk saus kan du ha i meir vatn til passe konsistens. Smak til med salt og pepar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *