Torsk med gulrotpurè & chorizo

[dropcap]F[/dropcap]iskemiddagar er det viktig å få snike inn minst to-tre dagar i veka og då må det gjerne smake litt spennande også. Her er fine torskefiletar servert på ei seng av gulrot-og kålrotpurè med appelsin og ei chorizoblanding med pinjekjerner og vårløk.

Denne retten er flott til travle kvardagar sidan den går raskt å lage, er sunn og i tillegg smakar godt. Purèen kan du forandre på etter kva slags grønsaker du har tilgjengeleg i kjøleskapet. Her vil det fungere godt med gulrot, kålrot, blomkål, søtpotet eller kva du måtte like sjølv. Appelsinsafta i rotpurèen gir eit lite søtt og friskt innslag utan å virke overdøyvande på smak, men om du vil kan du fint droppe det og erstatte med litt mjølk. Det å ha eit lite innslag av kjøt på toppen av fisk er ein fin måte å få lurt små born til å ete meir fisk og maskere litt av smaken. Sjølv har eg slett ikkje det behovet, men synest det smakar fantastisk!

[recipe-foody]Ingrediensar til torsk med rotpurè for ca. 4 personar:

  • 4 x 100 g torskeloins
  • 75-100 g chorizopølse
  • 2 vårløk, finhakka
  • 30 g pinjekjerner
  • 1 neve fersk bladpersille, finhakka
  • salt & peppar

Gulrot-og kålrotpurè:

  • 450 g gulrot
  • 225 g kålrot
  • 1 middels stor løk
  • 2 ss smør
  • safta frå ½-1 appelsin
  • 3-4 ss fersk timian
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Kutt opp gulrot, kålrot og løk i små terningar og kok dei møre i ein kjele med vatn. Hell av alt vatnet og ha i smør og appelsinsaft i kjelen. Bruk ein stavmiksar og kjør grønsakene til ein glatt purè. Smak til med fersk timian, salt og peppar og eventuelt meir appelsinsaft.

Kutt opp chorizopølse i veldig små terningar og steik dei i ei tørr steikepanne på middels høg varme, til dei er sprø og gyldne. Ha i pinjekjerner og vårløk og la det surre med i eit lite minutt. Hell over i ei lita skål og bland inn finhakka bladpersille.

Krydre torskefiletane lett med salt og peppar. Bruk restane av fettet frå chorizopølsa i panna og eventuelt ein liten klatt smør og steik torsken i nokre få minutter på kvar side slik den får ei fin steikeskorpe på utsida og er saftig på innsida.

Server torsken på ein god klatt rotpurè og topp med chorizoblandinga. Enkelt, smakfullt og sunt!

DSC_0454

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*