Torskekaker i krydra tomatsaus

[dropcap]F[/dropcap]iskekaker av torsk med smakfull og krydra tomatsaus på ein mandag er passande etter utskeielsar i helga. Desse fiskekakene i tomatsaus er proppa fulle i smak og er eit friskt innslag blant dei tradisjonelle fiskemiddagane.

Torsken kan du fint bytte ut med annan type kvit fisk som for eks. hyse eller sei om du vil. Den milde fiskesmaken i desse typane egnar seg fint til dei sterke kryddera og smakane. Så om du har lyst på noko litt meir spennande og annleis enn dei vanlege fiskekakene med kvit saus er denne retten eit spennande og sunt alternativ.

[recipe-foody]Ingrediensar til torskekaker i tomatsaus for ca. 4 stk:

Torskekaker:

  • ca. 750 g torskefilet
  • 80 g “gammalt” brød
  • 2 sjalottløk, finhakka
  • 2 fedd kvitløk, knuste
  • 1 ss tørka persille
  • 1 ss tørka korianderblad
  • 1 ts spisskummen, malt
  • 2 ts paprikapulver
  • 1 ½ ts salt
  • 2 egg

Tomatsaus:

  • 2 ss olivenolje
  • 1 rødløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 liten raud chili
  • 1 toppa ts spisskummen, malt
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 ts malt koriander
  • 1 dl rødvin
  • 400 g hermetisert tomat
  • 2 ts brunsukker
  • ½ ts havsalt
  • peppar
  • fersk persille
  • fersk mynte

Tilbehør:

  • salat/ris/couscous/bulgur/byggryn etc.

[/recipe-foody]

Start med å lage tomatsausen. Varm opp oljen i ei gryte med lokk. Finhakk rødløk, chili og knus kvitløksfedda og ha det i gryta og la det surre på medium varme til løken er mjuk. Tilsett spisskummen, paprika og koriander og la det steike i ca. 2 minutter til. Tilsett rødvin og la det koke i 3 minutter. Ha i tomatane og sukkeret og la sausen småputre på lav varme i ca. 15 minutter til den har tjukna. Smak til med salt og peppar.

Medan tomatsausen står og småputrar kan du lage fiskefarsen til torskekakene. Kutt fisk og brød i små bitar og ha det over i ein foodprocessor og kjør maskina i ca. 10 sekunder slik at du får ei halvgrov farse. Finhakk sjalottløken og kvitløken så smått du klarer og bland saman med fiskefarsen. Ha i alt krydderet og egga og bland saman for hand til du får ei fast fiskefarse som held saman. Sett gjerne i kjøleskap ei lita stund om du synest farsa er for laus.

Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne og form ca. 8-10 store fiskekaker av farsen og steik dei i ca. 3 minutter på kvar side på ganske høg varme slik dei får godt med farge. Legg så over alle fiskekakene i gryta med tomatsaus og hell på ca. 2 dl vatn over alt saman. Legg på lokk og la det småputre på veldig lav varme i ca. 15 minutter. Dryss over fersk persille og mynte og server saman med salat eller anna tilbehør.

DSC_0360

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*