[dropcap]K[/dropcap]vardagsmat skal gjerne gå raskt og vere enkelt å tilberede. No i desse hektiske førjulstider er ein rask og sunn lunsj eller lett middag praktisk å få inn mellom alle gjeremål.
Denne alternative “pizzaen” er sunn og velsmakande og er laga på 10 minutter. Sausen og toppingen på tortillalefsene kan du bytte ut etter smaksløkane og tortillapizza er også nydeleg godt med spekeskinke og litt meir italienskinspirerte smakar. Denne varianten derimot smakar ganske så norsk og er toppa med ein saus av crème fraÎche med dill og herlege skiver av røkt ørret.
[recipe-foody]Ingrediensar til 2 stk tortillapizza med røkt ørret:
Kvit saus:
- ½ dl crème fraÎche
- 1 ss dijonsennep
- 1 ts tørka dill
- sitronsaft
- nykverna peppar
- 2 stk fullkornstortillalefser
- parmesanost, riven
- ½ rødløk, i tynne skiver
- rucculasalat
- 100 g røkt ørret (evt. røykalaks)
- kapers
- eit dryss maldonsalt
- dill
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 200 ºC.
Bland saman crème fraÎche, dijonsennep og dill i ei skål. Smak til med sitronsaft og peppar. Legg tortillalefsene på eit steikebrett og smør utover mesteparten av den kvite sausen. Riv over litt parmesanost over tortillalefsene og legg på litt rødløksringar. Sett inn i den forvarma ovnen og la dei steike i ca. 5-6 minutter, til tortillalefsene er blitt varme og sprø i kantane. Ta ut av ovnen og legg godt med rucculasalat over lefsene og topp deretter med skiver av røkt ørret, kapers og gjerne nokre ekstra skiver rødløk. Har du igjen kvit saus kan du gjerne ha på nokre klattar ekstra. Strø litt maldonsalt og dill på toppen og server.