[dropcap]T[/dropcap]yttebær er sjølvsagt tilbehør til mange tradisjonelle rettar som for eks. kjøttkaker i brun saus og viltkjøt og gryter. Personleg er eg veldig glad i ripsgelè og ville derfor prøve å lage gelè av tyttebær.
Tyttebærgelè er svært enkelt å få til dersom du passar på å vere nøyen med reinsligheit og sterilisering av glas og utstyr. Då får du gelè som har lang haldbarheit og kan oppbevarast til bruk i lang tid framover. Ved å konservere matvarer drep ein mikroorganismar som er med på å bryte ned råvarene slik at ein unngår dannelse av mugg og andre uønska effektar. Når du skal safte, sylte eller lage gelè er derfor det fyrste du må gjere å sterilisere det utstyret du brukar. Det gjer du ved å vaske og tørke glas, flasker og evt. trakt godt. Deretter set du steikeovnen på ca. 100 ºC og legg flasker og glas på ei rist i ovnen. La desse ligge i minst 10 minutter og gjerne heile tida medan du lagar gelèen. Gummiringar, lòk og andre ting som ikkje toler steikeovn har du i ein kjele med kokande vatn og let det ligge slik til du skal bruke det.
Tyttebærgelèen smakar nydeleg saman med kjøtkaker i brun saus, i viltgryter, til hjortesteik og andre viltrettar og er også god til å smaksette viltsaus med. I tillegg vil eg anbefale å prøve den saman med gode ostar som brie og ulike blåmuggostar.
[recipe-foody]Ingrediensar til ein stor porsjon med tyttebærgelè:
- 2 kg tyttebær
- 5 dl vatn
- 650-700 g sukker pr. liter ferdig avrent saft
[/recipe-foody]
Fyrst må du reinske bæra for rusk og dårlege bær og skylle dei godt. Dette gjer at du får ein reinare og meir klar gelè. Ha tyttebær og vatn i ein stor kjele og kok opp. Lat bæra stå og småkoke i ca. 25-30 minutter, til dei har mista farge og du har ei sterk raud saft i kjelen. Hell forsiktig bærmassa gjennom eit reint sileklede over ein bolle og lat det renne av seg all væska uten at du pressar på bæra. Dette kan gjerne stå slik i 1-2 timar eller også til neste dag.
Sørg for å ha alt sterilisert utstyr klart. Mål opp mengda ferdig avrent tyttebærsaft og ha den over i ein kjele. Veg opp sukker til den mengda saft du har. Kok opp safta forsiktig og tilsett sukkeret litt og litt i omgongar til alt sukkeret har løyst seg opp. Lat safta koke i 10-15 minutt før du tek “gelè-testen”. Det gjer du ved å sette ein tallerken i kjøleskap eller frysar, for deretter å ta ein dråpe saft på tallerkenen og dra fingeren gjennom det etter nokre minutt. Dersom du har fått ei gelèmasse som rynkar seg er gelèen klar, men om den framleis er rennande må du koke safta vidare. Dersom du har problem med å få stiv gelè kan du også tilsette litt fruktpektin (fås kjøpt på daglegvareforretningar). Når gelèen er klar skummar du av eventuelt skum som har lagt seg på overflata. Bruk ei sterilisert trakt og hell tyttebærsafta på reine og steriliserte glas medan det framleis er varmt. Bruk gjerne små glas som er praktiske ved lagring og bruk. Hell safta nesten heilt opp til kanten på glasa og sett på lòk. Avkjøl og oppbevar deretter mørkt og kjølig til bruk. Dersom konserveringa er vellykka kan du oppbevare gelèen i ca. 1 års tid ved korrekt oppbevaring.