Urterundstykker

DSC_0678

Rundstykker med urter og krydder smakar godt med ein klatt smør og er perfekt tilbehør til haustens supper og gryter.

Nysteikte rundstykker og brød er ein av mine store kvardagsgleder. Sprø skorpe, luftig innmat og smak av urter gjorde desse rundstykka til eit vellykka prosjekt. I hagen har vi eigne sjølvdyrka oreganoplanter frå fjoråret som fortsatte å blomstre og vekse like fint i år, så då var det klart dei måtte brukast til noko godt. Oreganoplanta er fin å bruke både fersk og tørka og gir ein fin aromatisk smak. Mengda med urter kan du sjølv justere etter eigen smak.

DSC_0691

Ingrediensar til ca. 14-15 urterundstykker:

  • 6-7 dl hvetemel
  • 4 dl grovt sammalt rugmel
  • 1 dl havregryn
  • 1 ts salt
  • 30 g fersk gjær
  • 5 dl mjølk
  • 1-2 store kvitløksfedd, knust
  • 3 ss fersk oregano, finhakka
  • 2-3 ts tørka persille
  • 2-3 ts tørka merian
  • 1 egg, til pensling

Ha nesten alt melet, havregryn, salt, gjær og mjølka i ein bakebolle og elt deiga i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter. Tilsett knust kvitløksfedd og alle urtene og la deiga elte i nokre minutter til. Juster melmengda etter behov. Når du har fått ein glatt og smidig deig sett du den til heving til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 230 ºC.

Hell deiga ut på kjøkkenbenken og del i ca. 15 emner. Trill til bollar og sett på bakepapirkledt steikebrett. La rundstykka etterheve til dei er dobla i størrelse, pensle med egg og steik så midt i ovnen i ca. 10 minutter. Avkjøl litt på rist, smør godt med ekte meierismør på og nyt!

DSC_0669

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *