Urtesmørloff

[dropcap]N[/dropcap]år du skal ha tilbehør til ei god fiskesuppe, salat, spekemat eller anna er ein god heimebaka loff perfekt å servere. Denne fletteloffen er fylt med masse godt urtesmør med kvitløk og er luftig og saftig.

Loff er enkelt å lykkast med fordi det er baka på kun kveitemjøl som gir eit godt glutennettverk. Loff er kanskje ikkje det ein bør ete til kvardags, men til finare høve og gode festmåltid høyrer ein god loff med. Urtesmøret eg har brukt inni loffen er av heimelaga smør og urtar som eg sjølv har laga. Oppskrifta og framgangsmåten på det finn du i dette innlegget, men du kan også bruke ferdig kjøpt urtesmør om du vil det. Lukta som sprer seg i rommet når du steiker dette brødet er uansett heilt nydeleg og fristar godt!

p5pykd22t3ggwy8anbt6dg_thumb_6198

btr62filqqgvarqoe6xyw_thumb_61a5

[recipe-foody]Ingrediensar til ein stor urtesmørloff:

  • 500 g kveitemjøl
  • 150 g sikta speltmjøl
  • 10 g ferskgjær
  • 10 g salt
  • 1 ts honning
  • 400 g lunka vatn
  • romtemperert urtesmør, til fyll (oppskrift her)

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensane til loffen i ein bakebolle og elt deiga godt i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutt. Når deiga er klar skal den ha sluppe bakebollen og blitt glatt og smidig. Sett deiga til heving ein lun stad i ca. 1 times tid.

jioexmdurase4zqkxobvaa_thumb_6190

Kjevle den ferdig heva deiga ut til eit rektangel på ca. 30 cm x 40 cm og ca. 1 cm tjukt. Smør utover eit godt lag med det romtempererte urtesmøret over heile rektangelet. Her er det ingenting å spare på, så sørg for at du har rikeleg med smør som gir god smak. rull saman til du får ei tjukk pølse og legg den med skjøyten ned. Bruk ein skarp brødkniv og skjær loddrett igjennom heile loffen slik du delar pølsa i to lange sider, men lat det stå att nokre cm i eine enden slik pølsa framleis heng saman. Snur delane rundt kvarandre som ei slags toarma flette og legg endane godt under slik den held på forma. Legg loffen i ei smurt brødform og la etterheve i ca. 45 minutt.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Steik deretter brødet midt i ovnen i ca. 35 minutt, til loffen er gylden og sprø på toppen og gir ein hul lyd når du bankar lett på brødet. Avkjøl litt og server loffen gjerne lunken saman med godt pålegg eller som tilbehør til eit måltid.

2 Kommentarar

  1. Så kult og fint! Dette skal jeg prøve meg på!!! Takk for oppskrift!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*