Valnøtter i akasiehonning

[dropcap]I[/dropcap]dag vil eg tipse om eit supert tilbehør du kan ha saman med gode ostar og kjeks eller brød. Det er rett og slett noko så enkelt som valnøtter i akasiehonning med kryddersmak. Dette har vore fast inventar her i heimen i lang tid og eg går aldri lei.

For å lage dette treng du strengt talt ikkje noko oppskrift i det heile tatt, men eg slengjer no med ei slags oppskrift på det allikevel. Honningvalnøttene brukar eg som topping til ost på både kjeks og brød, saman med spekemat og frukt og også inni gode ostesmørbrød eller på heimelaga pizza med for eksempel spekeskinke og blåmuggost. Eit supert tips er å lage rista brød og ha på serranoskinke, pære eller fiken, ost, rosmarin og honningvalnøtter på toppen. Det er rett og slett nydeleg. Den milde aromaen som utviklar seg frå kryddera gir ein herleg smak til honningen og sett prikken over i-en til eit godt ostemåltid.

[recipe-foody]Ingrediensar til eit glas honningvalnøtter:

  • 1-2 dl akasiehonning
  • ein neve valnøtter
  • 1 kanelstang
  • 2-3 stjerneanis
  • tett glaskrukke

[/recipe-foody]

Ha kanelstang og stjerneanis i botnen på glaskrukka og ha i valnøttene på toppen. Fyll deretter på med akasiehonning til det rekk opp til litt under kanten på glaskrukka. Oppbevar glaskrukka i romtemperatur i ca. 1 vekes tid før smakane har satt seg. Deretter er det berre å bruke honningen til det du måtte ha lyst til. Dess lenger glaset står dess meir smak får du ut av krydderet, så her er det berre å nyte så lenge det held.

DSC_0989

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*