Valnøttpasta med asparges

[dropcap]E[/dropcap]in herleg og annleis pastasaus med god smak av valnøtter som gir eit lite “krønsj” til den mjuke pastaen. Retten er også rask å lage og inneheld gode råvarer som gir mykje smak.

Denne pastaretten har blitt laga nokre gongar og får ein ny vri kvar gong. Så her kan ein trygt eksperimentere med ulike typar urtar og tilsetningar. Har du lyst kan du også tilsette litt spekeskinke til retten så får du ein ekstra saltsmak som harmonerar perfekt med resten av ingrediensane. Eg har valt å servere retten med litt trøffelskiver på toppen. Dette gir det “lisje ekstra” til pastaen, men er slettes ikkje nødvendig om du ikkje har det eller likar det.

[recipe-foody]Ingrediensar til valnøttpasta for 4 personar:

  • 150 g valnøtter
  • 1 neve fersk basilikum
  • 40 g smør
  • 1 minisjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 dl olivenolje
  • 50 g parmesan
  • 1 ½ dl fløte
  • 1 ts tørka persille
  • sitronsaft
  • salt & peppar
  • trøffelskiver
  • 1 bunt grøn asparges
  • 200-250 g tagliatellepasta

[/recipe-foody]

Rist valnøttene i ei tørr steikepanne på medium varme i eit par minutter, til dei er varme og lett gyldne. Ha over i ein stavmiksar og kjør til dei er grovhakka. Ha i basilikum og smør og kjør blandinga til det er finkorna. Finhakk sjalottløk og kvitløk så fint du klarer og tilsett i valnøttblandinga. Ha deretter i olivenolje og kjør blandinga i nokre sekund. Riv parmesanen og ha det i valnøttblandinga saman med fløte, tørka persille og litt sitronsaft og kjør til blandinga er blitt ein krema saus. Smak til med salt og peppar og sett til sides.

Kok opp ein stor kjele med lettsalta vatn. Ha i aspargesen og la den koke med i 1 minutt. Ta ut aspargesen og legg til sides. Ha i pastaen i det kokande vatnet og kok etter anvisning på pakken. Varm opp litt olivenolje i steikepanna og skjær aspargesen i bitar på ca. 3-4 cm og steik den så i panna i nokre minutt og krydre lett med salt og peppar.

Når pastaen er ferdig heller du av vatnet og blandar inn aspargesen og valnøttsausen i kjelen saman med pastaen. Rør godt rundt og server umiddelbart. Topp gjerne med litt trøffelskiver og eit lite dryss parmesan.

DSC_0599

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*