Valnøttscones

[dropcap]N[/dropcap]ydelige nysteikte og varme scones til frukosten er den perfekte start på dagen. Her med store bitar av valnøtter og passe grovt mel slik dei er ideelle til både kvardag og helg.

Scones er raskt å lage og treng ikkje noko hevetid, så her er det berre å slenge saman ingrediensane og sette rett i ovnen. Så er det plutseleg fersk bakst på frokostbordet.

DSC_0660

[recipe-foody]Ingrediensar til 8 sconestykker:

  • 1 ½ dl fullkornsmel
  • 1 ½ dl hvetemel
  • 1 dl sammalt hvetemel grovt
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ½ dl valnøtter, grovhakka
  • ½ ts salt
  • 50 g smør
  • 2 dl gresk yoghurt (her er det brukt Lindahls)
  • 1 ss honning

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 240 ºC. Bland saman mel, bakepulver, valnøtter og salt i ein bolle. Kna så inn smøret til det blir smulete. Tilsett yoghurt og honning og bland saman til du får ei fast og samanhengande deig. Del deiga i to emner og form dei runde. Legg dei så på bakepapirkledt steikebrett og trykk dei lett flate med handflatene til dei er ca. 2 cm høge runde leiver.

Skjær med ein kniv slik du deler kvar leiv i 4 like delar utan å skjære heilt igjennom deiga. Prikk dei med ein gaffel og sett inn i forvarma ovn og steik dei i ca. 12 minutter, til dei er lett brune og gyldne. Server så varme scones med godt pålegg som for eksempel brunost og syltetøy. Prøv gjerne også ein variant slik som eg har gjort tidlegare med pasjonsfrukt- og sitroncurd og rømme (oppskrift her). Nydeleg!

DSC_0928

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*