Vårlig ertesuppe

[dropcap]F[/dropcap]yrste vårmånad er i gong og lettare kvardagsmiddagar med spreke fargar og smakar fristar sansane. Ein mandag er det kanskje også godt med noko lett og enkelt etter helgas utskeielsar? Denne suppa er meget rask å lage, smakar friskt og er ikkje minst sunn og god.

Til suppa har eg også valt å servere brødsnurrar med ost og valnøtter, så blir måltidet noko meir mettande. Brødsnurrane finn du her : http://medhjerteformat.com/brodsnurrar-med-valnotter-og-ost/

[recipe-foody]Til 4 personar treng du:

  • 2-3 middels store sjalottløk
  • 2 fedd kvitløk
  • litt smør el. olivenolje til steiking
  • 5 dl grønsaksbuljong
  • 500 g frosne erter
  • 1-2 ss fersk oregano
  • 1-2 ss fersk mynte
  • 1,5 dl matfløte
  • sitronsaft
  • salt & peppar
  • 2 små vårløk
  • 5-6 skiver spekeskinke

[/recipe-foody]

Hakk opp kvitløk og sjalottløken i små bitar og steik i smøret eller oljen i ein kasserolle til den blir gyllen og mjuk. Ha så i grønsaksbuljongen og la det småkoke i 5 min. Så har du i ertene og lar det koke i 2 min til ertene har blitt gjennomtinte. Bruk så stavmiksar eller kjøkkenmaskin og kjør suppa til den blir til ein fyldig og litt tjuktflytande purè. Så har du i matfløten og dei ferske urtene og lar suppa bli gjennomvarm. Smak så til med sitronsaft, peppar og evt. salt og meir urter.

Kutt opp vårløk i tynne ringar og spekeskinka i små bitar. Sprøsteik spekeskinka i ei lita steikepanne og ha så i vårløkringane ei lita stund så dei blir varme.

Server så suppa med spekeskinke-og vårløkblandinga på toppen og brød eller lignande ved sidan av. Lett, godt og enkelt!

 

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*