Verdens beste ostekake

DSC_0423

Meget ambisiøst å promotere ei ostekake som verdens beste i det havet av ostekaker som finnest tenker du kanskje? Denne kaka er faktisk utrulig god og får ikkje stå lenge i mitt kjøleskap før den er fortært iallefall. God kjeksbotn, silkemjukt ostefyll og ein nydeleg frisk rømmetopping med pasjonsfrukt.

Denne ostekaka var den fyrste eg prøvde meg på av stekte ostekaker og er fortsatt den store favoritten. Litt småjusteringar blei gjort underveis for kvar gong den blei baka og kaka er no blitt akkurat slik eg vil ha den. Den er derfor svært så farleg å ha ståande i kjøleskapet om eg ikkje har gjestar eg skal servere, for då et eg den faktisk heilt aleine!

DSC_0403

Ingrediensar til ostekake med pasjonsfrukt:

Kjeksbotn:

  • 20 stk Digestivekjeks
  • 1 ss sukker
  • 110 g meierismør, smelta
  • 1 ts kanel

Ostefyll:

  • 400 g Philadelphia kremost, naturell
  • 300 g seterrømme
  • 2 egg (ca. 100 g)
  • 2 ½ dl sukker
  • 1 vanilestang, frøa
  • 1 sitron, safta

Pasjonsfrukttopping:

  • 3 pasjonsfrukt
  • 1 dl lettrømme
  • 1 dl kremfløte
  • 1 ss melis
  • ½ ts vaniljepulver

Forvarm ovnen til 175 ºC. Knus kjeksa i ein foodprocessor saman med sukker og kanel. Ha så i det smelta smøret og kjør blandinga til alt er godt blanda saman. Trykk ut blandinga i ei smurt springform på 25 cm med bakepapir i botnen. Glatt over kjeksblandinga slik du får ei glatt og jamn overflate. Sett så inn i steikeovnen og steik den i ca. 15 minutter. Avkjøl så kjeksbotnen før du har over ostefyllet.

Forvarm steikeovnen til 120 ºC. Kjør kremost og sukker i ei kjøkkenmaskin til det blir mjukt. Skrap ut frøa frå vaniljestanga og ha dei i osteblandinga saman med seterrømme. Ha så i egga eitt om gongen og bland godt mellom kvart av dei. Til slutt rører du inn safta frå ein sitron. Fordel så ostefyllet utover den avkjølte kjeksbotnen og sett det inn i ovnen på midterste rille. Steik ostekaka i ca. 1 time  og 10 minutter. Kaka er ferdig når den er fast i kantane og på overflata og fortsatt dissar lett i midten.

Medan kaka står i ovnen er det greit å gjere klart pasjonsfrukttoppingen. Skrap ut frø og saft frå pasjonsfruktene og bland det saman med rømme, kremfløte, melis og vaniljepulver. I det kaka er ferdig stekt tar du den forsiktig ut av ovnen og tar ei skei med pasjonsfrukttopping oppå det stekte fyllet for å sjekke om den tåler det utan at det renn igjennom (om det skjer treng den litt lenger steiketid). Om det går bra så er det berre å fordele resten av toppingen forsiktig utover ostekaka i eit jamnt lag. Sett så kaka inn i steikeovnen igjen og la den steike i ca. 10 minutter til. Avkjøl så kaka før du setter den kaldt i kjøleskap over natta.

Server ostekaka med fersk pasjonsfrukt over og litt sitronmelisse. Denne kaka kan eg love deg blir ein suksess hos både ostekakeentusiastar og gjestar!

DSC_0428

2 comments

  1. Arnhild øyehol

    Den var kjempe god👌🏼Det blir ikkje siste gongen denne blir laga😊

    1. Så bra! Den er en stor favoritt her iallefall! 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *