Viltburger

[dropcap]E[/dropcap]in herleg viltburger med hjortekjøt, soppstuing, tyttebærsyltetøy og brunost er akkurat så nordisk og smakfullt som det høyrest ut til å vere.

Viltburger kan lagast med både hjort, rådyr, reinsdyr eller elg og er ein fantastisk vri på den originale burgeren. Denne burgeren blei svært saftig, smakfull og dekkjer behovet for både burger og viltgryte/steik i eitt med krema og fyldig smak. Hjorte-kjøtdeiga eg har brukt er rett og slett grytekjøt av hjort som eg har kverna til kjøtdeig saman med litt bacon. På ca. 400 g kjøt er mengda bacon/sideflesk eg brukte ca. 12 % (altså ca. 50 g av kjøtdeiga). Her kjem det an på kva del av hjorten du har brukt til kjøtdeig og dermed kor reint kjøtet er. Hjort er magert kjøt og treng litt ekstra feitt for å ikkje bli for tørt dersom ein lagar kjøtkaker eller karbonader av det. Så her må du gjerne prøve deg fram litt for å finne den blandinga du sjølv vil ha.

ZEcdeRhnSiOi2lafaa2M3w_thumb_7329

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 3 stk burger:

Hjorte-karbonader:

  • 400 g kjøtdeig av hjort (med ca. 12 % feitt i form av bacon)
  • 1 egg
  • 1 ss dijonsennep
  • 1 ts salt
  • ½ ts pepar

Soppstuing:

  • 250 g champignon
  • 1 sjalottløk
  • 1 ½ dl crème fraiche
  • ferske urter (timian/rosmarin)
  • salt & pepar

Tilbehør:

  • 3 stk. hamburgerbrød
  • brunost, i skiver
  • rødløk, i tynne ringar
  • grøn salat (crispy/ruccula/isberg)
  • evt. agurk, i skiver
  • tyttebærsyltetøy

[/recipe-foody]

Bland saman alle ingrediensane til karbonadene og kna deiga godt saman. Set til sides.

Skjær soppen i tynne skiver og del dei gjerne opp i mindre terningar om dei er store. Varm opp ei steikepanne og ha i soppen. Ha i ein klatt smør og steik soppen på middels varme til den er gylden. Finhakk sjalottløk og ha i panna. Lat det surre til løken er mjuk og blank. Skru av varmen på plata og ha i crème fraiche saman med soppen og bland godt saman. Smak til med ferske urter, salt og pepar.

Form hjortekjøt-farsen til tre store karbonader som du trykker lett flate. Steik dei i litt smør på middels høg varme til dei får gylden steikeskorpe, ca. 2-3 minutt. Snu karbonadene og steik på andre sida slik dei får skorpe også der. Skru ned varmen og lat dei ligge til dei er akkurat gjennomsteikte.

Server hjorte-karbonadene i hamburgerbrød saman med salat, løk, ei god skive brunost, soppstuing og tyttebærsyltetøy. Skal du kose deg litt ekstra smakar det godt med litt salt potetchips ved sidan av i tillegg!

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*