[dropcap]E[/dropcap]r det noko eg er ekstra glad i så er det krema supper og gryter med viltkjøt og typiske tradisjonelle “norske” smakar og ingrediensar. Viltsuppe med kantarell, einebær, tyttebær og kjøtbollar av lammekjøt gir meg akkurat den assosiasjonen.
Då eg skulle til å leite rundt etter inspirasjon og tips til å eksperimentere meg fram til ei oppskrift såg eg at viltsupper er det ikkje akkurat overflod av på internett. Derimot gryter finst det i alle moglege variantar og utgåver. Så det tenkte eg å gjere noko med. Ei krema suppe kan allikevel bli svært lik ei gryte i både konsistens og innhald, så dei aller største forskjellane er der nok ikkje. Smaken er allikevel det aller viktigaste, og den er iallefall på plass i denne suppa. Ingrediensane kan du også bytte ut etter behov dersom du manglar noko. Kantarell kan erstattast med champignonsopp og har du ikkje verken tyttebær-eller ripsgelè kan du også bruke solbærsirup. Til kjøtbollane har eg brukt kjøtdeig av lam, men også her kan du bytte ut med kjøtdeig av både vilt eller storfe.
[recipe-foody]Ingrediensar til viltsuppe med lammekjøtbollar for ca. 4 personar:
Lammekjøtbollar:
- 400 g kjøtdeig av lam
- 1 fedd kvitløk, knust
- 1 ts tørka timian
- 1 egg
- salt & peppar
Viltsuppe:
- 150 g kantarell
- 2 store sjalottløk, finhakka
- 1 bit sellerirot, i små terningar på ca. 1 cm
- 6-7 dl kjøtkraft
- 4 dl matfløte
- 2 ss soyasaus
- 4 einebær, knuste
- 1-2 ss tyttebær/rips-gelè
- ett par skiver brunost
- 1 neve tyttebær (kan sløyfast)
- fersk rosmarin & timian
- salt & peppar
- smør/olje, til steiking
- purre, til servering
- brød, til servering
[/recipe-foody]
Bland saman alle ingrediensane til kjøtbollane til du har ei fast farse. Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne. Bruk ca. 2 teskeier med kjøtdeig pr. stk. og form til små runde kjøtbollar. Steik dei på middels høg varme til dei har fått steikeskorpe på alle sider og legg deretter til sides. Hald dei gjerne varme på lav temperatur i steikeovnen til servering.
Steik kantarellen i steikepanne på middels varme til den har blitt gylden og legg til sides. Ha i litt smør eller olje i ein stor kjele og varm opp. Ha i sjalottløk og sellerirot og la det surre på lav varme til løken er blank og mjuk. Tilsett kjøtkrafta og la det koke opp. Ha i matfløte, soyasaus, einebær, tyttebærgelè og brunost og la det småputre litt på svak varme. Når suppa har småkokt litt i ca. 5 minutt har du i kantarellen, tyttebæra og ferske urtar. Smak til suppa med salt og peppar. Hell suppa over i serveringsskåler og legg nokre kjøtbollar på toppen saman med litt finhakka purre. Server gjerne litt brød ved sidan av.