Waldorfsalat

DSC_0074

Då er siste dagen i året komen og vi skal snart starte på eit nytt spennande år. Veldig mange serverer kalkun til årets siste middag og då er ein waldorfsalat alltid fast inventar. Her er min versjon på det elska kalkuntilbehøret.

Har du enda ikkje handla inn til waldorfsalaten eller treng inspirasjon til kva du vil ha oppi så er denne enkle oppskrifta lett og ganske så tradisjonell. Om du har lyst byttar du berre ut enkelte ting med noko anna og lagar din eigen vri. Denne porsjonen blei laga til eit stort middagsbesøk og er rikeleg så her må du gjerne halvere oppskrifta.

Ingrediensar til waldorfsalat for ca. 12-14 personar:

  • 5 stk stilkar stangselleri
  • 3 grøne epler
  • 2 raude epler
  • 300 g blå druer
  • 200 g valnøtter
  • 3 dl fløte
  • 1-2 ss sukker
  • 2 ½ dl majones
  • 1 ss dijonsennep
  • 1-2 ss sitronsaft

Skjær stangselleri i tynne skiver og epla i små terningar. Del druene i to og hakk valnøttene grovt. Bland saman selleristang, epler, druer og valnøtter i ei skål. Pisk fløten og sukkeret til stiv krem. Rør saman majones og dijonsennep og vend det deretter inn i fløtekremen. Smak til med sitronsaft. Hell selleri-og epleblandinga over i fløtekremen og bland det forsiktig saman. Server saman med kalkun eller anna middag og nyt eit godt måltid! Har du restar kan waldorfsalaten fint spisast dagen etter også men blir fort grå på farge og mistar litt «piffen».

DSC_0072

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *