Alt-i-ett-kyllingform med chorizo

[dropcap]H[/dropcap]erlig enkel kyllingform med chorizopølse, chili, og ferske urter i kvitvinskraft. Ekstra bonus er det også med lite oppvask sidan alt er laga i samme form.

Kyllingen i seg sjølv er mild med god smak av urter, men med chorizopølse og chili i gryta setter det ein god smak på både kyllingen og kvitvinskrafta i gryta. Chorizo er ei spansk-portugisisk kjøttpølse med sterk kryddersmak og paprika, og gir ein nydeleg smak i middagsrettar.

DSC_0051

[recipe-foody]Ingrediensar til kyllingform med chorizo for 4 personar:

  • 1 heil kylling ca. 1,5 kg ( delt i ca. 6-8 bitar)
  • 8-10 medium store poteter
  • 6 kvitløksfedd
  • 10 medium store sjalottløkar
  • 1 glas hermetisert grilla paprika (ca. 400 g)
  • fersk timian & rosmarin
  • 1-2 ss tørka timian
  • 1-2 ss tørka rosmarin
  • 1-2 tørka piri piri chili
  • 1 ss tomatpurè (valgfritt)
  • 200-250 g chorizopølse
  • 3 dl kvitvin
  • olivenolje
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.Tørk kyllingen med kjøkkenpapir og del den opp i ca. 6-8 bitar. Del gjerne opp brystfiletane slik at du får fire stykker med vingane på to av dei og to lårstykker. At bitane er litt forskjellige på størrelse går fint. Krydre kyllingen godt med salt og peppar. Del så potetene i båtar og sjalottløkane i to på langs. Del paprikaen i terningar.

Ha så i godt med olivenolje i ei jerngryte med lokk. Plasser potetene og løken i botnen på gryta og legg så kyllingbitane oppå. Knus kvitløksfedda med baksida av ein kniv og legg rundt om i gryta saman med kylling og poteter. Fordel paprikaen utover i gryta saman med alt det andre. Krydre så godt med både fersk og tørka timian og rosmarin og knus chilien og strø over kylling og grønnsaker. Ringle så litt olivenolje over alt saman.

DSC_0003

Sett gryta med lokket på midt i steikeovnen og la stå i ca. 30 minutter. Bland saman kvitvin og tomatpurè og skjær ca. 1-2 cm breie bitar av chorizopølsa. Ta så ut gryta og hell kvitvinen i botnen på gryta, og legg chorizopølse litt rundt omkring og sett inn igjen i ovnen uten lokket og la det steike vidare i ca. 20 minutter. Sett så på grillfunksjon i ovnen i 5-10 minutter for å få litt ekstra farge. Sjekk om kyllingen er ferdig ved å stikke inn ein kniv ved lårstykket og sjå om det kjem ut klar kjøttsaft.

DSC_0032

Strø over litt fersk timian og rosmarin og server kyllingen med potetene, kvitvinskrafta og gjerne ein grøn salat ved sidan av.

DSC_0064

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*