Baklava

[dropcap]S[/dropcap]øtt, knasande, klissete og krydra er stikkord for denne herlege tyrkiske dessertkaka. Med lag av filodeig, nøtteblanding med kanel og søt honningsirup dynka over det heile har du ein søt og smakfull godbit til kaffèen.

Baklava smakte eg for fyrste gong då eg var på ferie i Hellas og den har derfor blitt fast innslag på kvar einaste ferie der. Då eg fann filodeig på ein av innvandrar-butikkane her måtte eg berre teste ut å lage denne kaka sjølv. Det eg fant ut var at det slettes ikkje er vanskeleg å få til i det heile! Det einaste du krev er ein porsjon med tolmodigheit. Kaka er ganske mektig og mettande med så mykje nøtter, så denne oppskrifta gir mange små stykker som held til ganske mange personar.

ryv3keoktkqggd2wyn53gq_thumb_60d9

2wrxcqfqszmoe2sxxopuvw_thumb_608b

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 25-30 småstykker med baklava:

  • ca. 480 g filodeig (fås kjøpt i innvandrarbutikkar etc.)
  • 450 g nøtter (gjerne blanding av pistasjnøtter, valnøtter og mandlar)
  • 75 g sukker
  • 1 ts kanel
  • 1 klype vaniljepulver
  • 200 g smør, til pensling

Honningsirup:

  • 1 dl akasiehonning
  • 125 g sukker
  • 100 g demerarasukker
  • 2 ½ dl vatn
  • 1 kanelstong
  • nokre dråpar sitronjuice

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Legg filodeigarka i mellom to fuktige kjøkkenhandklede slik at dei ikkje tørkar ut medan du jobbar. Finn fram ei ildfast form på ca. 32 cm x 22 cm og del opp filodeigarka slik at dei passar til forma. Lat fildodeiga framleis ligge fuktig.

Smelt smøret på lav varme. Ha nøtter, sukker, kanel og vanilje i ein foodprocessor eller ein stavmiksar og kjør til du har fått ei både finhakka og grovhakka nøtteblanding. Smør den ildfaste forma med smelta smør. Legg deretter 7-8 filodeigark i botnen på forma og pensle kvart av dei med smør mellom kvarandre. Deretter strør du eit lag med nøtteblanding jamnt utover på toppen. Deretter legg du to nye filodeigark på toppen og pensle kvart av dei med smør. Så legg du på eit nytt lag med nøtteblanding og deretter to nye filodeigark. Hald fram med desse laga til du har brukt opp all nøtteblandinga og husk på å pensle kvart filodeigark med smør. Til slutt legg du 7-8 filodeigark på toppen igjen (husk smør på kvart av dei) og pensle toppen med smør. Bruk ein skarp kniv og skjær diagonale ruter igjennom alle laga slik du får passande små serveringsstykker. Sett forma midt i steikeovnen og lat stå i ca. 30-35 minutt, til filodeiga har blitt sprø og lett gylden på toppen.

Medan baklavaen steikar i ovnen kan du lage klart sirupen. Ha alle ingrediensar i ein kjele og gi det eit oppkok. Skru ned varmen litt og lat det småputre i ca. 5 minutt, til sukkeret har løyst seg opp og det har tjukna litt. Avkjøl til baklavaen er ferdig.

Når baklavaen er ferdig steikt brukar du ei skei til å dynke den med honningsirupen. Bruk rikeleg med sirup slik den blir god og saftig, men du kan også spare på litt til den er klar for servering. Lat baklavaen stå i nokre timar og trekke inn sirupen før du serverar. Då blir den god og saftig. Den bør aller helst ha blitt heilt kald før du et av den slik at den får satt seg skikkeleg. Server gjerne med ferske fiken eller anna frukt for å få noko friskt attåt.

w5r3rhncqjqbrck1drmwq_thumb_60b1

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*