[dropcap]H[/dropcap]eimelaga kveitebollar er aldri feil og denne varianten med syrleg crème fraîche, søtt bjørnebærsyltetøy og friske bringebær er eit smakfullt alternativ til den vanlege kveitebollen om du vil ha noko nytt.
Bolledeiga er den same som eg har brukt tidlegare og her er det som alltid god elting som gir det beste resultatet for luftige bollar. Bjørnebærsyltetøyet har eg laga av frosne og opptinte bjørnebær, men brukar du ferske bjørnebær kan du tilsette litt ekstra vatn for å få same resultat. Bjørnebær gir ein søt og lett syrleg smak som passar fint med crème fraîche, men her kan også blåbær og solbær gjere same nytta om du heller vil bruke det. Litt kliss og søl blir det nok når du steiker desse bollane, men det herlege fyllet som blandar seg saman med frisk og søt smak er nydeleg og vel verdt litt søl.
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 16-18 stk bollar:
Bolledeig:
- 5 dl heilmjølk
- 50 g ferskgjær
- 175 g sukker
- 1, 1 kg kveitemjøl
- 1 ss kardemomme
- 10 g salt
- 1 egg
- 150 g smør, romtemperert og i terningar
- 1 egg, til pensling
Bjørnebærsyltetøy:
- 300 g frosne bjørnebær, opptinte
- 175 g sukker
- 1 lita ss certo syltetøypulver
- sitronsaft
- 2 ½ dl crème fraîche
- 1 vaniljestang, frøa
- 1 beger ferske bringebær
- melis, til pynt
[/recipe-foody]
For å lage deiga varmar du fyrst opp mjølka i ein kjele til den er lunken. Ha mjølka over i ein bolle og rør ut gjæren. Tilsett deretter sukker, mesteparten av kveitemjølet, kardemomme, salt og egg og la deiga elte i maskin i 10 minutters tid. Tilsett smøret i deiga og elt vidare i 10 minutter til, til smøret er heilt elta inn i deiga og du har ein glatt og smidig deig. Tilsett eventuelt meir kveitemjøl etter behov. Dekk bakebollen med plastfolie og la heve til dobbel størrelse, ca. 1 – 1 ½ time.
Medan deiga hevar kan du lage syltetøyet. Ha dei ferdig tinte bjørnebæra i ein kjele saman med sukkeret og varm opp over middels varme under omrøring til alt sukkeret er oppløyst. Knus ein del av bæra med ein gaffel, men la nokre av dei få vere heile. Ha i certo og gi bærblandinga eit lite oppkok og la det småputre nokre få minutter. Ta kjelen av varmen og smak til med litt sitronsaft til du får ein passe frisk smak på det søte syltetøyet. Sett til sides for avkjøling.
Når deiga er ferdig heva kan du dele opp i ca. 16-18 emner alt etter kor store du vil ha bollane. Trill dei til runde bollar og sett på bakepapirkledd steikebrett og la heve til dobbel størrelse på ein lun stad, ca. 1 times tid.
Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Bland saman crème fraîche og frøa frå vaniljestanga i ei lita skål. Trykk alle bollane flate og lag ei ekstra djup fordjupning i midten av bollen slik at ytterkanten av bollen er litt høgare . Legg ca. 1 ss med crème fraîche i kvar bolle og deretter 1 ss med bjørnebærsyltetøy oppå der igjen. Topp med nokre ferske bringebær. Pensle bollane med egg rundt fyllet og sett midt i ovnen og la steike i ca. 15-20 minutter, til bollane er gjennomstekte og gyldne i kantane. Avkjøl på rist. Server bollane med eit godt dryss melis og nyt!