Brødkrans med pesto og spekeskinke

[dropcap]H[/dropcap]ar du lyst på ferskt brød, men er kanskje litt lei dei vanlege brødskivene? Eller har du kanskje lyst på litt godt brød som tilbehør til ein salat? Då er denne brødkransen som er fylt med gode smakar eit perfekt valg!

Denne brødkransen er fylt med eit glas heimelaga grøn pesto ( oppskrift finn du her) og spekeskinke i strimlar. Smakfullt, spennande, og ser ein smule meir interessant ut på bordet ein eit “ordinært” brød. Sjølve deiga er super lett å lage og krev berre litt muskelarbeid på benken.

DSC_0008

[recipe-foody]Ingrediensar til ein stor brødkrans:

Gjærdeig:

  • 600 g fullkornshvetemel
  • 400 g hvetemel
  • 20 g gjær
  • 20 g salt
  • 720 g vatn

Fyll:

  • 50-100 g spekeskinke (bruk så mykje du føler for)
  • ein porsjon heimelaga grøn pesto (evt 2 små kjøpeglas)
  • litt hakka valnøtter el. pinjekjerner (valgfritt)

[/recipe-foody]

Bland det tørre og smuldre gjæren inn i melet. Ha så i vatnet og bland godt. Så heller du heile deiga på kjøkkenbenken og strekker, knar og denger deiga godt. Her følger du same framgangsmåten som til deiga på brødsnurrane (som du finn her). Når du har jobba lenge nok med deiga skal den ha samla seg saman og blitt ein elastisk og glatt deig. Strø så litt mel på benken og legg deiga oppå. Brett den innunder seg sjølv og form ein rund ball, strø litt mel over og legg i ein bolle til heving.

Når deiga har heva seg til dobbel størrelse tar du den ut på kjøkkenbenken og deler i 4 like store emner. Form dei til runde ballar og kjevle dei til 1 cm høge runde leivar. Løft den eine leiven over på eit bakepapirkledd steikebrett og smør utover eit lag med pesto, strø over hakka valnøtter/pinjekjerner og legg nokre skiver spekeskinke litt utover. Så legg du neste lag med deig oppå og gjentek prosessen med fyll og deig til du sitt igjen med den fjerde leiven med deig. Legg den oppå toppen og sett eit drikkeglas eller liknande på midten (eg var litt uheldig her og “skar” igjennom deiga med glaset). Deretter bruker du ein skarp kniv og skjærer igjennom alle laga ifrå glaset og ut i kantane og deler leiven i 4 like store delar, deretter i 8 og til slutt i 16 like store strimlar. Tvinn kvar strimmel rundt seg sjølv to gongar og legg ned. Då får du eitt slags stjerneforma brød. Sett til etterheving i ca. 30 min.

DSC_0012

DSC_0015

Steik så brødkransen midt i ovnen på 200-220 grader i ca. 30 min eller til den er gylden og sprø på utsida.

DSC_0031

Perfekt tilbehør til ein grøn salat, som turniste, tapasrett eller berre som den er!

 

Ein kommentar

  1. Wow! Det såg jammen godt ut! 🙂

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*