Brødsnurrar med parmesan & soltørka tomat

[dropcap]E[/dropcap]in brødsnurr er perfekt tilbehør til supper eller spekemat eller berre som snacks dersom du har lyst på noko godt. Desse med parmesan og soltørka tomat smakar nydeleg saman med for eks. tomatsuppe eller som tilbehør til tapas-bord med spekemat og salat.

Brukar du grunnoppskrift på denne deiga kan du tilsetje den smaken eller fyllet du sjølv ønskjer og i forhold til kva du skal servere dei saman med. Brødsnurrane er også fine å ha med i tursekken som niste. Dersom du har mange til overs er dei også supre å fryse ned til seinare. Dei blir fine og sprø igjen etter tining, ved å få nokre få minutt i steikeomnen på varmluft.

zQ1uYqJvQKCIrjOYffXYWQ_thumb_742e

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 16 stk :

  • 350 g kveitemjøl
  • 200 g sikta rugmjøl
  • 10 g fersk gjær
  • 10 g salt
  • 360 g romtemperert vatn
  • ca. 1 ½ dl soltørka tomat, finhakka
  • 90 g parmesan, finriven

[/recipe-foody]

Ha gjær og vatn i ein bakebolle. Ha i mjølet og saltet og bland det. Dette skal bli ei ganske klissete deig, men ser du den blir alt for klissete kan du tilsetje litt ekstra kveitemjøl og er den alt for tørr har du i nokre dråpar ekstra med vatn. Elt deiga i maskin i ca. 5-7 minutt, til den er elastisk og glatt. Du kan også elte deiga for hand i ca. 10 minutt, så får du ei god treningsøkt i same slengen. Ha då deiga på kjøkenbenken og kna den saman og strekk og dra i den. Det kan nok virke som eit noko umulig prosjekt, men held du på lenge nok vil deiga etterkvart samle seg saman og bli elastisk og glatt.  Når den sluttar å klistre og har samla seg, brettar du den under seg sjølv nokre gongar og formar den til ein ball. Strø eit lett lag mjøl over og set til heving i ein bakebolle med plastfolie over i ca. 1 time, eller til dobbel storleik.

Ha deiga på kjøkenbenken og kjevle den utover til du får eit rektangel med ca. 1 cm høgde. Strø finhakka tomat og mesteparten av den rivne osten (spar litt til pynt) over heile rektangelet og trykk det lett inni deiga. Brett så ein tredjedel av deiga inn mot midten og den siste tredjedelen av rektangelet over der igjen, slik at fyllet er på innsida og du får eit mindre rektangel med tre lag deig. Kjevle rektangelet utover slik fyllet inni festar seg og tjukkelsen er ca. 2 cm. Skjær rektangelet i strimlar på ca. 2 cm breidde slik du får ca. 16 stk. Strø litt mjøl på benken og legg strimlane oppå. Ta tak i kvar ende på strimmelen og snurr kvar sin veg slik du får ein vridd brødsnurr. Gjenta på alle. Legg dei på bakepapirkleidd steikebrett og set til heving i ca. 30 min.

Forvarm steikeomnen til 220 ºC. Pensle brødsnurrane med vatn og strø over resten av den rivne parmesanosten. Set midt i omnen og lat steike i ca. 12-15 minutt, eller til osten er smelta og gylden og brødsnurrane er sprø på utsida.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*