[dropcap]B[/dropcap]rownie med Kvikk Lunsj, salte pistasjnøtter og mini-marshmallows tilfredsstiller søtsuget samtidig som du får smaken av det salte. Kaka er garantert å få bein å gå på!
Rocky road er ein dessert-konfekt som seiast å vere datert heilt tilbake til 1800-talet i Australia. Det vart funne opp for å kunne selje konfekt som hadde blitt meir eller mindre øydelagt på vegen frå Europa, ved å blande med nøtter og billeg sjokolade for å maskere smaken. Namnet fikk den etter vegen dei reisande måtte gjennom for å kome fram. I hovudsak består det oftast av marshmallows, lys sjokolade, nøtter og ofte kjeks og tørka frukt. I dag er uttrykket rocky road brukt om type smak på iskrem, kaker, sjokolade, muffins og liknande.
Brownien er rik på smak av sjokolade og er klissete i konsistens og har fått ein “rocky road-topping” av marshmallows, pistasjnøtter og den gode gamle Kvikk Lunsj-sjokoladen. Så dette er ekte konfekt-kake!
[recipe-foody]Ingrediensar til 1 brownie:
- 200 g smør
- 250 g mørk kokesjokolade, finhakka (blanding av sjokolade med 50 % og 70 % kakaoinnhald)
- 3 store egg
- 260 g sukker
- 100 g kveitemjøl
- 30 g bakekakao
- 2 ts vaniljesukker
- 1 klype salt
- 1 neve salte pistasjnøtter (utan skal)
- 1-2 Kvikk Lunsj
- 1 neve mini marshmallows
- maldonsalt, til topping
[/recipe-foody]
Forvarm steikeomnen til 190 ºC og kle ei firkanta form på ca. 23 cm x 23 cm med bakepapir.
Smelt smør og sjokolade i ein kjele over lav varme. Rør rundt litt i det med jamne mellomrom slik at sjokoladen ikkje brenn seg i botnen. Når alt er smelta saman trekk du kjelen frå varmen og avkjøler litt. Pisk egg og sukker til luftig eggedosis. Ha i den lett avkjølte sjokoladen og bland det godt saman med ein slikkepott. Sikt i mjøl, bakekakao, vaniljesukker og salt og vend det forsiktig inn i blandinga til alt er blanda saman. Ha røra over i forma og glatt utover slik du får ei jamn overflate. Knekk opp Kvikk Lunsj i bitar på ca. 2-3 cm og trykk dei lett ned i røra slik at dei stikk opp over overflata. Strø over pistasjnøtter og marshmallows og trykk dei forsiktig ned i røra slik dei festar seg. Strø over nokre dryss maldonsalt over brownien dersom du ønskjer. Set midt inn i omnen og lat steike i ca. 20 minutt. Kaka skal ha fått ei fast overflate og samtidig vere klissete inni, så det er betre med litt for lite steikt enn for mykje. Avkjøl heilt før du skjærer i små stykker. Kaka har godt av å få seg ein tur i kjøleskapet over natta før servering, slik smak og konsistens får satt seg skikkeleg.