[dropcap]S[/dropcap]jokolade og lakris er to ingrediensar som passar supert saman og gir ein nydelig smakskombinasjon. Her er dei to smakane forent i ein herleg klissete brownies som inneheld både rålakrispulver og bitar av lakris.
Den søte sjokoladesmaken i kombinasjon med den salte lakrissmaken gir eit fullverdig smaksbilde og er nydeleg godt saman. Lakris har blitt meir og meir populært dei siste åra og ikkje minst i kombinasjon med sjokolade. Om du likar både sjokolade og lakris og heller ikkje seier nei til eit stykke god klissete brownies, så er denne kaka garantert noko du vil like.
[recipe-foody]Ingrediensar til 1 lita brownieskake med lakris:
- 140 g smør
- 140 g mørk kokesjokolade (helst over 60 % kakaoinnhald)
- 2 dl sukker
- 2 egg
- ½ ts vaniljeekstrakt
- 0,6 dl hvetemel
- 3 ts rålakrispulver ( eg har brukt Johan Bülow, raw licorice powder)
- 2-3 stk Kick lakrisstang med havsalt (evt. anna type lakrisfudge)
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 175 ºC.
Smelt smør og sjokolade i ein kjele på lav varme. Rør rundt med ein slikkepott til blandinga har blitt glatt og glansfull. Sett til sides og la avkjøle i ca. 10-15 minutter. Rør sukker, egg og vaniljeekstrakt saman i kjøkkenmaskin i ca. 2-3 minutter. Ha i den lett avkjølte sjokoladeblandinga og rør forsiktig rundt. Ha i hvetemel og rålakrispulver og bland raskt og forsiktig saman. Ha ca. ¾ av røra i ei bakepapirkledd ildfast form på ca. 24×15 cm. Hakk opp Kick lakrisstengrene i små terningar og strø utover toppen på browniesrøra. Hell så over resten av røra og glatt ut på toppen. Sett inn i forvarma steikeovn og la kaka steike i ca. 30-35 minutter avhengig av korleis din eigen ovn steiker. Kaka er ferdig når den har krakkelert og fått ei sprø overflate og dissar lett i midten når du bevegar på forma. Avkjøl heilt før du skjærer i små porsjonsstykker.
Hei, har lenge tenkt på at kick med havsalt må være godt i kake, takk for oppskrift; denne var nydelig 🙂
Hei! Lakris og sjokolade er ein fantastisk kombinasjon ja! Så her har kaka allereide blitt laga ein del gongar med stor suksess 🙂
Hei. Jeg lurer på om det bare skal være 0,6 dl hvetemel i kaka, som det står i oppskrift eller skal det være 0,6 liter?
Mvh Marianne
Hei! Det stemmer nok med 0,6 dl slik som det står ? lykke til med baksten, denne er god!!??