SPONSA INNLEGG
[dropcap]B[/dropcap]ruschetta er perfekt å servere som snacks, tapas eller forrett og er utruleg enkelt og kjapt å lage. Enten du vel å nyte det som snack, forrett eller måltid så anbefaler eg deg å prøve denne med mozzarella, aprikos og god spekepølse med smak av sydlandske urter.
Har du gode råvarer garanterer eg deg velsmakende bruschetta kvar gong. Eg fekk teste ut speka pølse med sydlanske urter frå Tind som eg var sikker på kom til å vere perfekt til dette føremålet. Saman med søt og frisk aprikos og mild mozzarella blei det, ikkje overraskande, ein suksess!
[recipe-foody]Ingrediensar til bruschetta som snack for ca. 4 personar:
- ca. ½ baguette (eller anna godt brød)
- ca. 200 g fersk mozzarella
- 3-4 aprikoser, ferske
- Tind speka pølse med sydlandske urter, i skiver
- god olivenolje
- fersk basilikum
- maldonsalt
- crema di balsamico (glaze)
[/recipe-foody]
Skjær brødet i tjukke skiver og steik det i olivenolje til det blir gyldent og sprøtt. Skjær mozzarella, aprikos og spekepølse i tynne skiver. Legg fyrst på ei skive med mozzarella og strø gjerne nokre få flak med maldonsalt over. Legg deretter på aprikos og spekepølse og topp dette til slutt med balsamico og fersk basilikum. Server!