[dropcap]D[/dropcap]ersom du lagar dine eigne burgerbrød kan dei usunne hamburgerane fort bli eit sunnare alternativ og du vil kjenne at dei er mykje bedre på smak. Desse burgerbrøda er luftige og inneheld ein del fullkornsmel.
Hamburger har fått eit rykte på seg for å vere noko usunt, men det treng det slettes ikkje vere. Lagar du både burgerbrød og karbonader frå botnen av sjølv kan du enkelt kontrollere kva som er i maten og du kan lage sunnare alternativ. Desse brøda er gode til burgerar av både fisk og kjøt, men kan også fint brukast som rundstykker. Hamburgerbrød frå butikken inneheld svært ofte kun lyst hvetemel og lite fiber. Her kan du sjølv variere grovheit og fiberinnhold ved å bytte ut meltypane etter ønske.
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 8 stk medium store burgerbrød:
- 30 g smør
- 1 dl heilmjølk
- 2 dl vatn
- ½ pk tørrgjær
- ½ ts salt
- 1 egg
- 330 g fullkornshvetemel
- 200 g hvetemel
- 1 egg, til pensling
- svarte sesamfrø, til pynt (evt. vanlege sesamfrø)
[/recipe-foody]
Smelt smøret i ein kjele og tilsett mjølka og vatnet slik at blandinga blir lunka. Ha alt i ein bakebolle saman med tørrgjær, salt og egg og rør godt rundt. Tilsett alt fullkornsmelet og mesteparten av hvetemelet. Elt deiga i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter og tilsett resten av melet underveis til du får ei passe fast og smidig deig. Dekk bollen med plastfolie og hev deiga i ca. 1 ½ – 2 timar, eller til dobbel størrelse.
Del den ferdigheva deiga i ca. 8 like store emner og trill til bollar. Trykk dei lett flate med handflatene og sett på bakepapirkledd steikebrett. La etterheve i ca. 1 times tid, eller til dobbel størrelse.
Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Pensle burgerbrøda med egg og strø sesamfrø på toppen. Sett midt i ovnen og la dei steike i ca. 12-15 minutter, til dei er gyldne og sprø på utsida. Avkjøl på rist. Burgerbrøda er supre å fryse ned for så å tine i mikrobølgeovn og friske opp igjen i steikeovn med varmluft i 2-3 minutter før servering.