Brød & gjærbakst

Olivenbrød med sitron & rosmarin

[dropcap]P[/dropcap]å denne tida av året synest eg det er nydeleg godt med gode heimebaka brød med gode urter og smakar som minner om Middelhavsområdet. Dette brødet er fylt opp med greske kalamataoliven, sitronskal og fersk rosmarin som definitivt er smak av sol og varme.

Lyst brød

[dropcap]F[/dropcap]int brød med sprø skorpe og saftig innmat er nydeleg å servere med godt pålegg eller saman med gode middagsrettar der ein kan dyppe brødet i saus eller gode oljer. Denne oppskrifta gir to middels store brød som er perfekt til nettopp dette.

Glutenfrie pitabrød

[dropcap]P[/dropcap]itabrød er supert tilbehør til alle mulige slags rettar og er svært enkelt å lage. Desse blir store og mjuke og er eit supert alternativ dersom du har glutenallergi.

Påskemat

[dropcap]P[/dropcap]åske er tid for familiehygge, hyttekos og gode måltid med dei ein har rundt seg. For dei aller fleste inneheld påska både lammekjøt, suksessterte, egge-rettar, god gjærbakst og masse søtsaker. Her er det samla saman eit lite knippe med gode oppskrifter på rettar som passar perfekt til påskekosen.

Hot cross buns

[dropcap]H[/dropcap]ot cross buns er søte og krydra kveitebollar som ein et i påska spesielt i Storbritannia. Bollane er originalt krydra med kanel, kardemomme, muskat, ingefær og allehånde og inneheld oftast rosiner eller tørka frukt. Det finst derimot mange versjonar av bollen med ulike krydder og andre ingrediensar. Min versjon inneheld […]

Frøknekkebrød med bokkveite (glutenfrie)

[dropcap]K[/dropcap]nasande sprø knekkebrød med godt pålegg er skikkeleg godt til frukost, lunsj eller mellommåltid. Desse er laga av frø og mjøl av bokkveite og er derfor heilt glutenfrie. Smekk saman ei røre og fyll opp lageret til kvardagsmåltida du også!

Glutenfrie nanbrød

[dropcap]N[/dropcap]anbrød er ei sjølvfølgje for meg når eg skal ha indiske rettar til middag. Varme nanbrød med smør på dyppa i ein god og krydra saus med indiske smakar er nydeleg godt!

Glutenfrie pizzabollar

[dropcap]N[/dropcap]år ein treng turmat eller kosemat til kvelden i helga er pizzabollar eit perfekt val. Desse er glutenfrie slik at dei som har glutenallergi eller intoleranser også kan nyte heimelaga pizzabakst.

Eltefrie havrerundstykker

[dropcap]N[/dropcap]ysteikte og varme rundstykker med godt smør på er den perfekte start på ein ny dag. Med eltefrie rundstykker kan du enkelt få det utan mykje arbeid eller å bruke fleire timar på morgenkvisten. Desse inneheld havremjøl og havregryn som gir ein saftig og nøtteaktig smak.